Hopp til innhold

Dede ute av AaFKs lønningsliste

Aalesunds Fotballklubb har stansa alle lønnsutbetalingar til den brasilianske spissen Dede Anderson.

Dede Anderson
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Dede Anderson er ikkje lenger med i A-stallen til AaFK, blei det opplyst på ein pressekonferanse torsdag ettermiddag.

Han har ikkje møtt fram til trening i 2007 etter at han i november i fjor reiste heim til Brasil på juleferie.

Har ikkje fått sparken

Torill Hole Standal
Foto: Torild Øvrelid / NRK

Styreleiar Torill Hole Standal i Aalesunds Fotballklubb  presiserer at den brasilianske spissen ikkje har fått sparken. - Han tilhøyrer framleis AaFK, seier ho. Klubben skal no saman med Norges Fotballforbund ta saka vidare til den internasjonale fotballorganisasjonen FIFA.

På veg til Noreg?

På pressekonferansen torsdag opplyste Torill Hole Standal at dei tysdag denne veka fekk melding om at Dede Anderson sat på flyet til Noreg. - Men vi trur ikkje på julenissen heller, seier ho. Og Dede har enno ikkje dukka opp i Ålesund.

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL