Hopp til innhold

Nettselskapa tapte enorme summar

Orkanen Dagmar kosta nettselskapa i Møre og Romsdal 159 millionar kroner.

Tre over strømledning

Uveret Dagmar kosta nettselskapa dyrt.

Foto: Roar Hauge-Nilsen

Svein Rødal i Istad Nett

Svein Rødal er beredskapsleiar for kraftforsyninga i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Mange tusen husstandar var utan straum etter uveret Dagmar 1. juledag, og no får nettselskapa svi økonomisk.

Stor rekning

Rekninga kjem på 159 millionar kroner. Det viser ei førebels oversikt som beredskapsleiar for kraftforsyninga i fylket, Svein Rødal, presenterte for Mørebenken og fylkespolitikarane i førmiddag.

Kostnadene skuldast korte og lange straumavbrot, pluss reparasjonar av skadar.

Raude tal

– For nettselskapa vil dette svi. Eg trur svært mange vil få raude tal i rekneskapen i 2011, seier Rødal. Han meiner at det i slike ekstreme tilfelle, burde ha vore mogleg å søkje om dispensasjon frå regelverket.

Er det noko håp om det?

– Nei, vi skal ikkje vere veldig optimistisk, seier Rødal

I tillegg til å tape inntekter fordi dei ikkje har levert straum, må nettselskapa også betale erstatning til kundar som var utan straum meir enn 12 timar.