– Det blir veldig kult, sa Stig Ulv om intimkonserten han skulle halde i NRK-resepsjonen tysdag føremiddag klokka 12.
Den siste veka har sunnmøringen vore på miniturné i Fredrikstad, Skien og Tønsberg. Han fortel at turneen har gått over alle forventningar.
– Det var utruleg bra med overraskande og positive opplevingar. I Skien var det fullt hus, medan det i Fredrikstad var to menn som sat og grein under konserten.
Nytt studioalbum
Stemninga var magisk då Stig Ulv heldt intimkonsert i Parkgata 6 i Ålesund tysdag 18. mars.
Foto: Inger Johanne RusetStig Ulv slapp sitt første album «Strengetonar» i 2012.
"Det går noen unge musikere rundt om i dette landet som fortjener å bli hørt av flere enn de som ser på flatskjermer. Ulv er en av dem" skreiv Dagbladet-meldaren Thomas Stalsberg om debuten og skildra gitaristen som ei kryssing av Ry Cooder og Knut Reiersrud.
Ulv har gitt ut to album, og på lunsjkonserten tysdag vil han plukke ut songar frå begge platene.
– Folk kan forvente ein fin NRK-konsert med ei blanding av dei to platene pakka inn i uformell og tone og setting. Og forskjellige uttrykk reint gitarmessig, avslører Stig Ulv.
Nynorsk instrumentalmusikk
Medan musikaren har med seg band på skive, føretrekker han å opptre åleine med gitaren når han er på scenen. Han kallar uttrykket for "nynorsk instrumentalmusikk".
– Somme synest kanskje at det er litt sært med berre gitar, så derfor har eg kalla musikken for "nynorsk" sidan titlane er det, ler han.
– Musikken er min måte å kommunisere og uttrykke meg på. Målet er å nå ut til folk og skape ei kontakt, – at det betyr noko for nokon, seier han vidare.
Til hausten kjem også Stig Ulv med si første live-plate. Ho skal spelast inn i Sankt Jetmund-kyrkja på Åheim, avslører han.
Sjå TV-reportasjen frå februar 2013:
Høyr låten "Klimprar" her: