Hopp til innhold

Dab-sendar blir stille

Norkring melder at to DAB-sendarar i Vanylven blir ute av drift eit par timar laurdag formiddag. Det er det lokale kraftlaget som har meldt om planlagt arbeid, og dette går altså ut over straumforsyninga til sendarane på Åheim og i Almklovdalen. Arbeidet skal ta til klokka 10.00 og vere ferdig om lag klokka 12.00, melder Norkring.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL