Hopp til innhold

Cup-vertar

Suppporterar til både AaFK og MFK opnar dørene for folk som ikkje har fått nokon stad å bu i cup-helga.

Eivind Fadnes og Astrid Fadnes

Eivind og søster Astrid Fadnes opner kollektivet for fotballvenner.

Foto: Ingrid Sanden Sunde / NRK

Opnar for dei som vil komme

Moldesupporterne Eivind og søster Astrid Fadnes og dei andre i kollektivet på fire, bur seg på storinnrykk av gjestar frå Molde og utlandet. Ti overnattande og enda fleire festdeltakarar ventar dei skal kome no i helga.

-Vi har i grunnen sagt til vennane våre at dei gjerne må ta turen innom, seier Astrid.

På begge sider i Fadnes-kollektivet ligg soveroma, og då er det berre å vere fleksibel. Sofa og madrasser tener som sengar i alle rom.

- Hyggelig å ha huset fullt

Trond Stranden Farstad
Foto: Ingrid Kornelia Sunde / NRK

Ålesund-supporter Trond Stranden Farstad bur på ein annan kant av Oslo saman med sambuar, eitt barn og eitt til på vei. Denne familien ventar besøk av fire ålesund-heiande venner.

- Vi har i grunnen fullt hus frå før, seier Trond, men vi har ordna oss med ei dobbel oppblåsbar madrass og ei feltseng, og så blir det sofa på den fjerde.

Dei fekk tidleg førespurnader frå cup-reisande som hadde oppdaga at alle hotell var fulle forlengst. - Og så er det jo hyggelig å ha huset fullt når det er cupfinale og folkeliv i Oslo, seier Trond.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL