Color Hybrid kåra til årets skip

Verdas største plug-in hybridfartøy, Color Hybrid, er utnemnd til ‘Årets Skip 2019’. På vegner av Ulstein tok konsernsjef Gunvor Ulstein i mot prisen frå HKH Kronprins Haakon på Nor-Shipping-messa 4. juni 2019. Color Line-skipet er under bygging på Ulstein Verft, og skal setjast inn i strekninga Sandefjord - Strömstad i sommar. Med ei batteripakke på 4,7 MWh kan båten kunne sigle 12 nautiske mil berre på batteristraum.

Color Hybrid utnemnd til "Årets skip 2019"
Foto: Lene Trude Solheim / Ulstein Gruop