Hopp til innhold

Campingeigar trugar med rettssak

Etter ei tilspissa konflikt er det bestemt at Allskog får laste tømmer heile døgnet på Håjem tømmerkai ved campingplassen i Skodje. Campingeigar, Jan Heming Dale, vil ta saka vidare.

Jan Heming Dale

Eigaren av Solnørvika camping, Jan Heming Dale, gir ikkje opp kampen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Solnørvika camping i Skodje ligg berre få meter frå eit industriområde, der Allskog laster tømmer. Lastinga skjer ofte på nattetid og campingeigar Jan Hemning Dale meiner at støyen skremmer bort campingturistane.

I slutten av april i år gjorde Fylkesmannen eit vedtak om å regulere støy ved tømmerkaia etter at Dale klaga. Dette innebar at tømmerlastinga ikkje skulle skje på sommarnetter og på helgedagar.

No har Miljøverndepartementet kjent vedtaket ugyldig. Dette gir Allskog lov til å drive vidare. Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka.

LES OGSÅ:

Betyr mykje

Anna Moe i Allskog seier at det betyr mykje for bedrifta at dei igjen får drive som normalt, og drive tømmertransport døgnet rundt.

– Det betyr at skogeigarane på Sunnmøre får høve til å tene pengar på tømmeret sitt, ved at vi får full fleksibilitet på kaia på Håhjem, seier Moe.

Gå rettens veg

Campingeigar Jan Heming Dale meiner at Miljøverndepartementet har brukt feil regelverk når dei har handsama saka.

– Vedtaket er meiningslaust og heilt bak mål. Dei brukar forureiningslova i staden for plan og byggelova, seier Dale.

For hans del er ikkje siste ord sagt.

– Eg må truleg gå til rettssak mot kommunen. Dette er uakseptabelt for oss og gjer situasjonen uleveleg for oss. Arbeidsplassen vår er øydelagt, seier Dale.

Campingeigar vil halde fram kampen for å sleppe støy frå tømmerlossing.
Eigaren av ein campingplass i Skodje er fortvila over det blir drive tømmertransport på nabotomta. Med høg lyd og mykje støy skremmer tømmerarbeidet vekk turistane, og no kan det gå mot kroken på døra for campingplassen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL