Eit bustadhus i Kvisvika i Tingvoll er brent ned til grunnen.
Det budde tre personar i huset, men ingen blei skadde i brannen.
Brannen blei meldt ved 8.30-tida, men brannårsaka er ikkje kjent.
Brannvesenet kunne i føremiddag berre drive med ettersløkking på staden.