Bussulykke, Valldal

Den ukrainske bussjåføren som er sikta for aktlaust drap etter ulykka i Valldal laurdag blir framstilt for varetektsfengsling klokka 12.30 i dag. Mannen blei pågripen av politiet i går. Ein person omkom og 14 personar blei sende til sjukehus etter ulykka som skjedde laurdag ettermiddag. Politiet vil ikkje kommentere siktinga før etter fengslingsmøtet.