Hopp til innhold

Føraren av ulukkesbussen pågripen og sikta

Den ukrainske sjåføren som køyrde ulukkesbussen i Valldal er pågripen, det opplyser politiet i ei pressemelding. Ifølgje Sunnmørsposten er mannen sikta for aktlaust drap.

Bussulykke Valldal

Ein ukrainsk mann omkom og seksten vart sende til sjukehus, då ein buss støytte saman med ein bil og hamna i grøfta i Valldal laurdag.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Politiet opplyser at sjåføren er gripen med bakgrunn i vitneobservasjonar og den tekniske og taktiske etterforskinga for øvrig. Mannen vil verte framstilt for varetektsfengsling onsdag.

Til Sunnmørsposten seier mannen sin forsvarar Sjur Engelsen Lange at sjåføren er sikta for vegtrafikklova sin paragraf 3 og straffelova sin paragraf 281. I praksis betyr det at han er sikta for aktlaust drap, med ei strafferamme på inntil seks år.

Erkjenner ikkje straffskuld

Engelsen Lange opplyser til NRK at bussjåføren ikkje erkjenner straffskuld.

– Han er fortvilt, og tek denne situasjonen svært tungt, seier Lange.

Det var laurdag like etter klokka 16 at politiet fekk melding om at ein buss hadde støytt saman med ein personbil og hamna utfor vegen på fylkesveg 63 ved Grønning i Valldal.

Om bord i bussen var 41 personar. Dei tilhøyrde ei turistgruppe frå Ukraina på reise gjennom Nord-Europa. Ein ukrainsk statsborgar omkom i ulukka, medan seksten menneske vart sende til sjukehusa i Molde og Ålesund.

LES OGSÅ:

Skrivne ut frå sjukehus

I løpet av søndag og måndag vart fleire av dei skadde skrivne ut frå sjukehus. I går møtte passasjerane den ukrainske ambassadøren ved Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik. Der gjennomførte politiet også avhøyr med passasjerane.

Etterforskinga etter ulukka har vorte leia frå politikammera i Kristiansund og Molde, sidan føraren av personbilen som var involvert i ulukka, var tilsett ved Ålesund politikammer. Av same grunn er påtaleansvaret overført til Politidistrikt Vest, ved ein politiadvokat i Florø.

LES OGSÅ:

Grønning

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL