Hopp til innhold

Skulebuss velta

Ein skulebuss med om lag 30 personar velta i Frøystadkrysset i Herøy i 8-tida torsdag.

Video nsps_upload_2009_2_12_20_4_38_50.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Elevane i bussen skulle til Ulstein vidaregåande skule. To av dei klaga over smertar i nakken og ryggen, og blei sende til sjukehuset i Volda. 23 blei sende til sjekk på legesenteret på Eggesbønes.

Inne i den velta bussen

Inne i den velta bussen

Foto: Terje Reite / NRK

Politiet trur bussen sklei av vegen og la seg på sida i ei grøft. Det samla seg lange bilkøar ved ulykkesstaden, men ved 9-tida gjekk trafikken som normalt igjen.

- Vi fekk oss ein støkk då vi fekk vite om ulykka, men blei svært letta då vi fekk vite at ingen var alvorleg skadde, seier rektor Jan Berset ved Ulstein vidaregåande skule. Berset er elles svært nøgd med måten ulykka blei takla på.

- Vi på skulen var sjølve tidleg ute med å ta kontakt med busselskapet. Politiet var raske til å ringje oss og orientere om kva som var skjedd. Kontakten med kommunelegen og legesenteret på Eggesbønes har også vore god, seier Jan Berset.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL