Hopp til innhold

Buss av vegen i Skodje

Tre personar er lettare skadd etter at ein rutebuss køyrde av vegen og inn i ein fjellvegg i Skodje.

Bussulykke i Skodje

Ein rutebuss køyrde av vegen og inn i ein fjellvegg på fv. 661 sør for Skodjebrua.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Ulykka skjedde 10.45 måndag på fv. 661 sør for Skodjebrua.

Bussulykke i Skodje

Bussen var først i grøfta på motsett side av vegen.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Fire personar skal vere lettare skadd i utforkøyringa, opplyser John Bratland, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Både politi, brann og ambulanse rykka ut til staden.

Seks passasjerar i bussen

Rutebussen køyrde strekninga mellom Brattvåg og Moa, og var på veg frå Brattvåg då ulykka skjedde. Det var totalt 16 personar i bussen, inkludert bussjåføren.

Bussulykke skodje

Politi, brann og ambulanse rykka ut til staden.

Foto: Ivar Eidheim / nrk

Klokka 11.00 kunne Bratland fortelje at alle passasjerane hadde blitt henta ut av bussen og hadde fått tilsyn av lege.

Det er framleis ukjent kva som er årsaka til utforkøyringa.

bussulykke skodje

Bussen køyrde av vegen og inn i ein fjellvegg.

Foto: Ivar Eidheim / nrk

Ein personbil skal ha blitt sneia av bussen i det ulykka skjedde, men det skal berre vere materielle skader på bilen.

Politiet skal gjere undersøkingar på staden, og saka blir etterforska.

Trafikken blir dirigert manuelt forbi ulykkesstaden.

Buss av vegen