Brustad skiftar beite

Etter to og ein halv sesong i Molde flyttar angriparen Fredrik Brustad å seg. Han skal frå no av spele for Mjøndalen, som rykte opp til Eliteserien framfor denne sesongen. Brustad rakk å spele 59 kampar for Molde. Hausten 2018 var han lånt ut til Hamilton Academical FC i Skottland. – Vi takkar Fredrik for innsatsen og ønskjer han lykke til med nye utfordringar, skriv Molde FK i ei pressemelding.

Eliteserien fotball: Brann - Molde.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix