Hopp til innhold

Brunsneglane må takast no

Vil du bli kvitt brunskogsneglen med å bruke det biologiske middelet Nemaslug, så bør du gjere det no. Det seier professor ved universitetet for miljø og biovitenskap på Ås, Arild Andersen.

Iberiasnegl

Kampen mot brunskogsneglen bør takast no, seier ekspert.

Foto: Berit Roald / Scanpix

Nemaslug, som er mikroskopiske rundormar som verkar som parasittar på sneglar klarer ikkje å ta knekken på dei største sneglane på sommarstid, seier Andersen.

Iberiaskogsnegle

Mange stader kryr det med sneglar.

Foto: Gerd Fjellanger

- Preparatet er effektivt på dei mindre sneglane, men drep ikkje dei vaksne. Midt på sommaren er dei fleste brunskogsneglane vaksne og store og då har ikkje Nemaslug effekt.

- De kunne ha vært utryddet nå

Brunsneglen kan ha tapt

Brunskogsneglen er eit stort problem her i fylket. Og mange hagelag har alt arrangert dugnad for å få den fjerna.

Men brukar du ikke anledninga no, kan det hende at du ikkje blir kvitt den på ei stund.

Andersen meiner Nemaslug er bortkasta pengar om sommeren.

- Midlet bør framleis kunne ha effekt fordi eindel av sneglane er veldig små no. Men det er klart at vi begynner å nærme oss sommaren og dei veks seg store slik at effekten av denne metoden blir mindre og mindre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL