Adm.dir. Espen Remme i Helse Møre og Romsdal seier det er alt for store variasjonar:
– Vi har delar av verksemda som går bra. Andre har utfordringar. Vi brukar for mykje på løn. Vi må no jobbe systematisk med få lønsutbetalingane ned, seier han.
Tøffe tider
Direktøren vedgår at det er tøffe tider, og at utfordringane er mange:
– Når vi heile tida ligg på feil side av null, så uroar det styret og eigarane, seier Remme.
– Men kvifor blir det slik, når de heile tida er opptatt av pengar, pengar og pengar?
– Pasientbehandling kostar. Vi gjer det vi kan for å levere gode tenester, men på nokre av områda brukar vi for mykje pengar.
Styret i Helse Møre og Romsdal fekk i dag orientering av dei som driv med kvalitetssikring av sjukehusprosjektet. Ifølgje Remme er alt i rute.
Det heile skal presenterast for styret 31. august. Så skal det ut på offentleg høyring.
To hundre fagfolk
– Men no er det snart sommar og ferietid?
– Ja, og det er mange involverte som skal gjere ein jobb her. Nærare 200 fagfolk jobbar med nysjukehuset. Folk har det travelt, men vi meiner vi skal greie å få rapporten på bordet i tide.
– Det er eit komplekst prosjekt som involverer mange. Det er utfordrande å få samla det heile til noko som styret kan behandle og sende vidare til Helse Midt-Noreg.