Hopp til innhold

Brukar ferien på å spele trekkspel for eldre og sjuke

24 år gamle Vegard Storbråten Øye brukar tre veker av sommarferien til å reise landet rundt og spele trekkspel for sjuke og gamle.

Vegard Storbråten Øye

Journalisten og tekstforfattaren Vegard Storbråten Øye (24) legg vekk pennen og hentar toradaren dei neste vekene. Då skal han innom 26 institusjonar for å spele.

Foto: Harald Eigum

Ferieplanane for Vegard Storbråten Øye er ikkje som for dei fleste andre 24-åringar. I staden for å reise på kompistur med danskebåten, eller til utlandet med ei dame, skal han bruke tre veker ilag med eldre og sjuke.

Måndag og tysdag startar han med å spele på seks institusjonar i ålesundsområdet.

– Eg har sett kor utruleg mykje musikk og kultur betyr for sjuke og eldre og kor gjevande dette er både for dei og meg i ei elles stille sommartid, seier Øye.

Ein turne utanom det vanlege

24-åringen som til dagleg arbeider som journalist og tekstforfattar i Eidsvoll i Akershus, er også ein habil spelemann. Han begynte å spele som niåring, og har halde ei rekkje konsertar på toradaren sin dei siste åra, og reist på fleire turnear.

Årets sommartur blir likevel heilt annleis.

– Det er veldig gjevande for meg sjølv å få reist rundt og sjå nye stader og spreie musikk og glede. Det å spele er det kjekkaste eg veit, seier han.

Sponsa med reise og overnatting

Eit flyselskap og ei hotellkjede som sponsorarar gjer at 24-åringen kan reise rundt i heile landet utan å tenkje på kostnadene. I tillegg tek han vanlegvis eit honorar på 1000 - 2000 kroner frå sjukeheimane han besøkjer, for å ha pengar til leigebil og andre utgifter.

Eg driv ikkje veldedigheit, men kan ikkje bruke opp feriepengane mine på å reise rundt, seier han og legg til at det ville kosta langt meir for sjukeheimane å betale dei reelle utgiftene, dersom han ikkje blei sponsa med overnatting og flyreiser.

Opplever at sjuke kastar seg i dansen

Det har ikkje mangla på repons etter at 24-åringen i fjor brukte sommarferien sin på same måte. Overalt der han kjem møter han vellæte.

– Eg har fått utelukkande posiv respons. Sjølv om folk er demente kan dei vakne til å begynne å danse eller nynne, seier han, og legg til at gamaldansen og folkemusikken han vartar opp med alltid vekkjer til liv danseføtene hos fleire av tilhøyrarane.

Turneen startar måndag formiddag. Dei nestene vekene skal han innom til saman 26 institusjonar i Ålesund, Stordal, Oslo, Trondheim, Stavanger, Lillesand, Bergen, Bodø og Tromsø.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL