Hopp til innhold

Selskap trekte tilbake sommarjobbtilbodet til Victoria (24)

Sommarjobbane blir lagt ut stadig tidlegare, og for IT-bransjen er det snakk om nesten eitt år i førevegen. Det skapa problem for studenten Victoria.

Informatikk-student Victoria Langøe ser i kameraet med solbriller på hodet, og står på en gangbro med trestolper over.

Informatikkstudent Victoria Langø seier det ikkje er forsvarleg at dei tilset folk eitt år i førevegen utan at dei veit at dei har midlar til det.

Foto: Privat

NRK har tidlegare skrive om teknologistudentar som vassar i jobbtilbod før dei er ferdig utdanna.

Fleire av dei signerer kontraktar mens dei framleis studerer, men fagforeining åtvarar mot fallgruver.

24 år gamle Victoria Langø frå Sandnessjøen i Nordland har ramla ned i ei slik fallgruve.

Ho studerer for tida mastar i informatikk på Universitetet i Oslo, og fekk hausten 2023 tilbod om sommarjobb i eit IT-konsulentselskap.

Sidan det var eit selskap ho hadde veldig lyst å jobbe hos, takka ho ja.

Men i midten av januar blei ho ringd opp av selskapet.

Då fekk ho beskjed om at på grunn av mangel på nye oppdrag så var det ikkje nok midlar til å ha sommarvikarar likevel.

– Det var veldig kjipt. Eg kjente eg stod på berr bakke utan sommarjobb. Som masterstudent er det veldig dumt fordi det er viktig erfaring å ha med seg vidare når ein skal søke heiltidsjobb seinare.

Ho har også fleire venner på studiet som har opplevd det same.

– Det er ikkje forsvarleg at dei tilset folk eitt år i førevegen utan at dei veit at dei har midlar til det.

Les også Ser klar trend: Aksel (23) fekk sommarjobb allereie i januar

Aksel Egge

Jobbane blir lagt ut tidleg

Sommarjobbane blir lagt ut stadig tidlegare.

Det som før har vore januar og februar har no for mange blitt november og desember, seier dagleg leiar i rekrutteringsbyrået Heia Nord-Noreg, Gard Michalsen.

Men i IT-bransjen blir sommarjobbane lagt ut enda tidlegare.

Slik det fungerer for norske IT-studentar så startar ein å søke frå starten av september. Då legg alle ut stillingane, seier Langø.

Administrerande direktør i IKT-Noreg, Øyvind Husby seier det er på grunn av stor konkurranse.

– Det er stor kamp om studentane. Mange ønskjer å sikre seg studentar så tidleg som mogleg fordi det tidlegare har vore vanskeleg å få tak i nok.

Men det ser ut til å endre seg i IT-konsulentbransjen.

Les også Disse studentene vasser i jobbtilbud. Nå advarer fagforeningen

Emma Stanger og Elias Draugedalen, Tekna studenter

– Har problem med oppdrag

– Vi har fått signal om at det er tøffe tider no, seier Husby.

Han seier det er det fleire grunnar til.

Ein av dei er at det er innført arbeidsgivaravgift på høge lønningar som har gjort at lønnsemda i konsulentselskapa har blitt dårlegare. Han seier det også har kome nye reglar på innleie på prosjekt.

– Det har ført til at det er usikkerheit rundt prosjekta, seier han.

Administrerende direktør i IKT-Norge Øyvind Husby sitter ved en grå Macbook-datamaskin ikledd mørk dress og ser i kamera.

Administrerande direktør i IKT-Noreg, Øyvind Husby seier dei har fått signal om at det er tøffe tider i IT-konsulentbransjen.

Foto: IKT-Norge

Vidare fortel direktøren at ein del offentlege verksemder krev tilsette med fleire års erfaring på prosjekt dei har bestilt frå konsulentselskap.

– Det er veldig synd. Då blir unge sett på benken fordi det offentlege ikkje ønskjer å ta inn unge på prosjekt. Alle må ta ansvar for å få unge i jobb.

At det går dårleg med IT-konsulentmarknaden er kjent blant studentar, ifølge Langø.

– Selskapa har problem med oppdrag, seier studenten.

Dette er problematisk fordi det er gjerne i denne bransjen IT-studentane startar karrieren, ifølge Husby og Langø.

Det er flest IT-studentar som går til konsulentbransjen først. Dei sluker dei opp, seier ho.

Les også Får du ferie når du har sommerjobb? Se hva ekspertene svarte

Selma Johansen og Fiona Torrisen på sommerjobb i Bodø

Vil ha ei endring

Ifølge Langø er det ikkje berre sommarjobbar IT-selskapet ho først fekk jobb hos måtte kutte. Til og med heiltidsstillingane, som også vart lagt ut eit år i førevegen, måtte kuttast.

NRK har vore i kontakt med IT-selskapet som trekte tilbake sommarvikariatet, men dei vil ikkje kommentere saka.

No etterlyser Langø ei endring.

Ho vil at jobbane ikkje skal bli lagt ut så langt i førevegen utan at selskapa veit at dei har pengar til å tilsette.

Illustrasjonsbilde av datamaskin og tastatur

El- og IT-forbundet er kjent med problemstillinga om at studentar får trekt tilbake sommarvikariata sine.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Folk går rundt og er bekymra for at jobbane deira skal bli kutta.

Ho sjølv hadde ikkje noko plan-B, men seier ho var heldig som fekk beskjeden i januar og ikkje seinare på våren.

– Eg har tid til å finne ny jobb. Så eg har snakka med folk og fått tips, og har no blitt kontakta av ein professor som eg har hatt, og han er open for å gi meg ein sommarjobb.

Les også Lone (28) er en av få kvinnelige plastsveisere – vil ha flere jenter til å velge yrkesfag

Lone Kuhmunen tilbringer arbeidshverdag hos Trolls systems i Bodø.

– Er problematisk

El- og IT-forbundet er kjent med problemstillinga om at studentar får trekt tilbake sommarvikariata sine.

– Det er viktig at arbeidslivet møter ungdom på ein god og seriøs måte, og praksisen som blir beskriven her er problematisk på fleire måtar, seier forbundssekretær Geir Aasen.

Ifølge han kan desse lovnadane om jobb hamne under avtalelova.

– Heving eller ei oppseiing før tiltreding kan i visse tilfelle utløyse erstatningsansvar, seier Aasen.

I tillegg til det juridiske vil denne praksisen også ramme omdømmet til bedriftene.

– Arbeidslivet blir digitalisert og mange bransjar og bedrifter vil spørje etter ungdom med IT-utdanning. I denne konkurransen er det bedrifter som behandlar folk på ein skikkeleg måte som vil vere attraktive, seier Aasen og legg til:

– Det vil vere best for ryktet til bedriftene både hos studentane og i arbeidslivet generelt om dei lagar skriftlege avtalar som forpliktar begge partar på ein betre måte.