Det er sjølvaste svenskekongen, Carl Gustav, som har bytta plass med "Lano-ungen" på bildet som no sirkulerer på Facebook.
"Si NEI til Orklas "Lano-grabben"! Støtt lokale arbeidsplasser!!!" står det ved bildet som er delt nesten 1000 gongar etter at det blei publisert fredag formiddag.
Les også:
Fleire truar med boikott
Fleire skriv no at dei ikkje lenger vil handle Orkla-produkt. Fredag formiddag blei det kjent at Orkla ønskjer å leggje ned fabrikken Ello i Kristiansund, for å flytte produksjonen til Sverige. Dermed kan nesten 60 menneske stå utan arbeid. Dei tilsette tek det tungt, ikkje minst fordi det er vanskeleg å finne anna arbeid i Kristiansund no.
– I solidaritet med tilsette, kjøper eg ikkje produkta deira etter utflagging, skriv Astrid Marion Clausen.
– Full boikott av alt som Orkla står bak, istemmer Knut Aukan.
Vil ikkje kommentere seriøsiteten
Konserndirektør Håkon Mageli i Orkla vil ikkje kommentere korvidt han syns innlegget med svenskekongen er seriøst, men seier han registererer engasjementet og forstår at folk reagerer.
– Absolutt, alt engasjement rundt lokale arbeidsplassar gjer inntrykk, og eg har forståing for at folk reagerer når ein fabrikk blir nedlagt, seier han.
– Men vil slike aksjonar ha innvirkning på beslutninga?
– Vi må sjå på ei totalvurdering. Då vil ikkje denne aksjonen vere det som vippar i den eine eller andre retninga, seier han.
Kritiske til Orkla
Orkla får liten støtte i lokalbefolkniga for ønskjet om å flytte produksjonen til Sverige. Fleire etterlyser samfunnsansvaret, og karakteriserer bedrifta og toppane som grådige.
I Facebook-meldinga blir det vist til at fabrikken går med overskot, og at dei tilsette har vore svært endringsvillige for å redde arbeidsplassane sine.
– Det pågår no ei vurdering av mange fabrikkar i Orkla. Vi er utsette for ein sterk internasjonal konkurranse i Noreg, då må vi gjere alt vi kan for å vere mest mogleg konkurransedyktige der vi produserer varene, svarer Mageli.
Les også:
Det har ikkje lukkast NRK Møre og Romsdal å kome i kontakt med dei som står bak Facebok-sida "Kristiansund".