Hopp til innhold

Nina (51) kjenner på «uføreskam»

Nina Ophaug (51) er ein av 700.000 personar som står utanfor arbeidslivet i Noreg. Ho har ofte opplevd ein skam ved å vere uføretrygda.

en person som sitter ved et bord

UFØRETRYGDA: Nina Ophaug (51) er ein av 700.000 personar i Noreg som er utanfor arbeidslivet. No har ho vorte yogalærar og håper ho kan kome tilbake til arbeidslivet på sikt.

Foto: Knut Storvik / NRK

– Når eg gjekk på butikken hadde alle plutseleg ei meining om helsa mi og korleis eg skal vere som uføretrygda. Og når vi sa ha det fekk eg høyre at eg var heldig som kunne dra heim og kose meg. Eg har ofte følt på ein skam ved å vere ufør.

Nina Ophaug (51) frå Vågå i Innlandet tek ei pause og samlar seg.

Ho ser utover Vågåvatnet frå småbruket sitt og ser på fjellet på andre sida mens ho tenker.

– Eg blir provosert. Ja, skikkeleg. Av og til skulle eg ynskje at eg hadde ei synleg skade. Når ein ikkje har det så må ein forsvare seg heile tida. Det er så mange forskjellige grunnar til at folk hamner utanfor arbeidslivet.

en person som står foran et hus

Nina finn roa med yoga med ei slåande utsikt.

Foto: Knut Storvik / NRK

700.000 utanfor arbeidslivet

Nina er ein av 700.000 personar i aldersgruppa 20–66 år som står utanfor arbeidslivet i Noreg.

Det viser ein nyleg rapport frå Nav.

At så mange står utanfor arbeidslivet bekymrer arbeids- og inkluderingsminister, Kjersti Stenseng frå Arbeiderpartiet.

– Eg er bekymra for det talet. Vi må få fleire i jobb og færre på trygd. Det er ein av min og regjeringas viktigaste jobbar.

Ho har som mål å få 150.000 personar inn i arbeidslivet dei neste fire åra.

– Det er mange som står utanfor arbeidslivet som har moglegheita til å jobbe litt, og som treng anna type kompetanse.

Kjersti Stenseng smiler til kameraet

Arbeids- og inkluderingsminister, Kjersti Stenseng (Arbeidarpartiet)

Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK

Trur mange kan jobbe litt

Onsdag legg ho og Arbeiderpartiet fram neste års statsbudsjett. I det vil Ap-regjeringa foreslå å bruke 12,5 milliardar kroner på arbeidsmarknadstiltak.

Det er ei auke på 600 millionar kroner, ifølge Stenseng.

Ho vil spesielt rette fokus på å få unge under 30 år inn i arbeidslivet igjen.

– Det står over 100.000 unge voksne utan jobb og utdanning. Det er eg spesielt bekymra over og no får vi fleire målretta tiltak.

Oppfordrar til fleksible arbeidsgjevarar

I tillegg oppfordrar Stenseng arbeidsgjevarar til å vere fleksible.

Ho understrekar at det er ein grunn til at folk er arbeidsuføre, men;

– Vi må ha eit meir fleksibelt arbeidsliv for å kunne utnytte den arbeidskraftreserven vi har i alle dei som vil jobbe. Ein må legge til rette for at folk kan kombinere det å vere uføretrygda og jobbe litt.

en person som står foran et hus

Det var ein februardag i 2017 at Nina Ophaug slo hovudet sitt. Etter det har helsa vore særs skiftande for ho.

Foto: Knut Storvik / NRK

Statsråden meiner terskelen for å kontakte Nav må vere låg.

– Ingenting er betre enn når helsa endrar seg positivt. Det går an å ta kontakt med Nav for å få rettleiing, oppfølging eller kome i eit arbeidsmarknadstiltak for å kombinere det å vere ufør med litt jobb.

Les også Mari-Ann (40) og Øivind (37) selde huset på Nesodden og kjøpte Hindsæter i Jotunheimen

Et par

LO-leiar: – For høge tal

Kine Asper Vistnes, leiar av landets største arbeidstakarorganisasjon, LO, tykkjer tala er for høge.

– Det er for høge tal. Vi har mange som vil bidra i arbeidslivet og som har lyst. Men vi må anstrenge oss for å gje dei moglegheita. Folk som står utanfor arbeidslivet er ressursar.

Ho trur det er fleire årsaker til at dei har hamna utanfor arbeidslivet.

– Kva skal til for å snu trenden?

– Eg er nøgd så langt med det regjeringa har levert. Her vil eg spesielt trekke fram ungdomsløftet som er eit veldig målretta tiltak mot ei aldersgruppe. Næringslivet har også stilt seg velvillige for å gje folk moglegheiter.

LO-leder Kine Asper Vistnes i Dax18

Kine Asper Vistnes, LO-leiar.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Ho peiker likevel på at det at det ikkje finst nokon «quickfix».

– Vi må prøve ut ein del tiltak for å sjå om det får ønska effekt. Målet er å få fleire tilbake i arbeid og få sjukefråværet ned, seier Vistnes.

Sklei på glatta

Tilbake i Vågå spolar Nina tilbake til vinteren 2017 da det gjekk gale.

Fram til da jobba ho som rektor på barneskulen i kommunen, var firebarnsmor og levde eit aktivt liv.

– Så sklei eg på glatta under ein barnedåp og slo hovudet kraftig.

en person som står foran et hus

Nina har ofte gode dagar, men av og til har ho ikkje nokon krefter i det heile og må ligge rett ut på sofaen.

Foto: Knut Storvik / NRK

Det skulle vise seg å føre med seg store utfordringar i åra framover.

– Eg vakna mange morgonar med kraftige smerter i hovudet. Som dagen etter ein fest, berre at eg gjekk glipp av festen. Samtidig fekk eg smerter i nakken, kognitive utfordringar og var mot lydar og lys.

I tillegg slit ho med fatigue, samt å gjere fleire ting samtidig.

Prøvde andre jobbar

For Nina sin del enda det fyrst med sjukemelding. Etter kvart prøvde ho å jobbe litt.

– Men det gjekk ikkje. I tillegg til smertene var det heile tida det stresset med å kome seg tilbake i jobb.

en person som står foran et hus

Med eit småbruk i fjellsida håper Nina på sikt at ho kanskje kan starte gardsturisme og utvikle yogastudioet sitt.

Foto: Knut Storvik / NRK

Vinteren 2022 fekk ho beskjeden svart på kvitt. Ho vart erklært 100 prosent ufør av Nav.

– Det var eigentleg ein brutal beskjed å få. Frå å vere så aktiv til å bli heilt redusert. Det var tøft. Skikkeleg tøft, seier Nina.

Samtidig var det og ein lette. Ein lette å sleppe presset og stresset for å kome seg tilbake i jobb.

– Eg prøvde dei aller fleste tiltaka gjennom Nav og det gjekk heilt greitt. Men det passa ikkje helsa mi.

Les også Sondre (28) og Sofie (28) prøvebur kommunen

en mann som står foran en bygning

Tok kontakt med helseselskap

Etter at ho vart 100 prosent ufør føler ho at ho vart litt gløymt.

– Vi har gode ordningar i Noreg. Men etter vedtaket er det ingen som forventar og krev noko av meg. Men eg vil jo gjerne bidra. Det er slik eg er skapt og laga, men det må skje på mine premissar.

Ho føler at saka hennar vart avslutta da ho vart erklært ufør.

– Men helsa mi var jo like dårleg. Det var liksom ikkje meir som kunne gjerast. Eg ville ikkje slå meg til ro med det.

Ho tok derfor på eige initiativ kontakt med ein privat helseklinikk som har ekspertar innanfor hjerneristingar.

No har ho fått hjelp og føler seg betre, trass i at nokre dagar er tyngre enn andre.

en person som står foran et hus

Yoga er terapi for Nina og med det finn ho roa i livet sitt.

Foto: Knut Storvik / NRK

Les også Sveinung og Ingrid følgde draumen – kjøpte småbruk

en mann og kvinne som holder en baby

Starta på yogautdanning

I tillegg til helseoppfølging bestemte 51-åringen seg for å starte på utdanning som yogalærar.

– Eg tek det i mitt tempo. Yoga er ein del av rehabiliteringa mi og det har gått såpass bra at eg har starta eit lite yogastudio. I tillegg vurderer eg å starte noko gardsturisme.

No styrer ho kvardagen sjølv og tek det i sitt tempo.

– Så får vi sjå på sikt kva eg klarer og ikkje.

en person som står foran et hus

Nina tykkjer det er synd at 700.000 personar står utanfor arbeidslivet. Ho trur i mange tilfelle det kunne ha vore unngått.

Foto: Knut Storvik / NRK

For hennar del så er det viktig å fortelje historia og vise at det er forskjellige grunnar til at folk hamnar utanfor arbeidslivet.

– Samfunnet har ei stigmatiserande haldning til dei som er utanfor arbeidslivet og er uføretrygda. Mange har ei meining om korleis du skal sjå ut, oppføre deg og kva slags liv du skal ha.

Les også Lene Marie og Frank går mot straumen: Vel bygda over byen

Lene Marie Gåsbakk og Frank Varvik

Får ros av LO-leiaren

Vistnes frå LO er glad for at Nina deler sin historie.

– Det er veldig bra at ho belyser denne tematikken med sin historie. Det gjer at vi får meir nyansert og betre bilde av kven som er uføretrygda, seier Vistnes.

Ho rosar 51-åringen for å prøve å kjempe seg tilbake til arbeidslivet.

– Ho må få moglegheita og lov til å teste ut kva ho har helse til og ikkje. Arbeidslivet må ta henne imot med opne armar dersom det blir aktuelt.

Hei!

Takk for at du las artikkelen. Har du tankar om artikkelen eller andre tips kan du gjerne sende meg ein epost. 

Flere saker fra Innlandet