Hopp til innhold

Brann i ubebudd hus

Brannmannskap frå Åndalsnes og Åfarnes driv med sløkking av brann i eit ubebudd bustadhus ved Markanes.

Ifølge politiet let dei huset brenne kontrollert ned.

Brannen blei meldt i 04-tida og huset var då overtent. Politiet melder at ingen personar skal vere i huset.

Brannen spreidde seg og til ei løe, men den blei raskt sløkt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL