Hopp til innhold

Mann død etter brann i Kristiansund

Ein person er bekrefta død etter brannen i Kristiansund i natt.

Brann i Dalegata

BRANN: Bebuarar i tre nabohus vart evakuerte då det byrja å brenne i eit hus i Dalegata i Kristiansund. I 13-tida vart det bekrefta at éin person er omkomen som følgje av brannen.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Det opplyser politiet til NRK klokka 13.10.

Onsdag morgon vart det kjent at ein mann fødd på 50-talet var sakna etter brannen. Men politiet kan så langt ikkje bekrefte kor vidt den døde personen er identisk med den sakna.

Brann i Kristiansund

I føremiddag tok røykdykkarar seg inn i huset i Dalegata i Kristiansund og fann ein død person.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– For kort tid sidan fann brannvesenet saman med ein kriminalteknikar frå politiet det dei meiner er eit menneske i andre etasje i Dalegata nummer 16. Det er for tidleg å seie noko om kven dette er. No startar arbeidet med å få vedkomande ut av leilegheita. Kroppen blir sendt vidare til Trondheim for obduksjon og ID-arbeid, seier innsatsleiar Morten Hammerås til NRK.

Klokka 14.45 bekrefta etterforskingsleiar Robert Sagli at den døde personen er frakta ut. Vidare arbeid på åstaden kan ikkje starte før temperaturen er blitt vesentleg lågare. Om arbeidet startar torsdag eller fredag er enno ikkje klart.

Brann i Kristiansund

Slik ser huset i Kristiansund ut klokka 09.45. Brannen skal ha starta i øvste etasje om lag klokka 03.45.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Starta om natta

Onsdag jobbar politiet med å avhøyre vitne til brannen, som starta i eit bustadhus i Dalegata på Nordlandet i Kristiansund. Brannen vart meldt inn litt før 04.00 natt til onsdag. I 05-tida var det ikkje gjort greie for to av dei som bur i huset.

Politiet arbeidde vidare med å kome i kontakt med alle som bur på brannstaden, og ved 06-tida var det éin person politiet ikkje hadde fått kontakt med.

Vaktleiar Nils-Inge Bjerknes ved 110-sentralen fortalde at brannen var fullt utvikla, og at den hadde slått igjennom taket på bustadhuset.

– Vi har likevel håp om å hindre at brannen spreier seg til nabobygg, sa Bjerknes i 04-tida.

Brann i Dalegata i Kristiansund

Brannvesenet heldt lenge på med ettersløkking. Her ser vi dei i aksjon like før klokka 08.30 i dag.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

12 vart evakuerte

Mellom klokka 06.00 og 06.30 meinte brannvesenet å ha kontroll, og at det ikkje lenger var fare for spreiing. Brannvesenet starta dermed med det dei kallar ettersløkking.

Likevel har naboane i to nabohus blitt evakuerte. I alt vart 12 personar evakuerte, og dei vart tatt hand om på eit av hotella i Kristiansund.

Ein av naboane vart køyrt til legevakta for sjekk, etter å ha fått i seg røyk.

Frå brannen i Dalegata

Vindforholda gjorde at brannvesenet kunne konsentrere seg om å få på nok vatn på brannstaden. Det var nemleg heilt vindstille.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Brannvesenet dynka brannstaden og konsentrerte seg om å få på nok vatn til å få sløkt brannen. Etter nokre timars innsats lykkast dei i det arbeidet, og ettersløkkinga kunne altså starte.

Kan ikkje flytte tilbake

Ifølgje naboar NRK har snakka med er det fire bueiningar i huset – som altså er Dalegata 18. Leilegheitene er leigde ut til i alt sju personar. Naboane melder også at brannen skal ha starta i den øvste etasjen i huset. Dei vakna då rutene eksploderte rundt klokka 03.45.

Innsatsleiar i politiet, Morten Hammerås, sa til NRK klokka 11.00 at det er lenge til dei evakuerte frå dei to nabohusa kan flytte tilbake.

Kristiansund kommune hjelper mange av dei evakuerte med å finne seg andre stader å bu, i tillegg til andre ting.

– Vi har laga eit evakueringssenter og stiller våre ressursar til disposisjon. Vi hjelper til så godt vi kan slik at det skal bli enklast mogleg for alle, seier kommunikasjonssjef Tore Lyngvær til NRK.

Tore Lyngvær

Kristiansund kommune stiller opp for dei evakuerte, fortel kommunikasjonssjef Tore Lyngvær.

Foto: Eirik Haukenes / NRK