Hopp til innhold

Eiksundtunnelen opna etter røykutvikling

Eiksundsambandet var stengt ein kort periode torsdag kveld melding om brann i eit køyretøy.

Brann i Eiksundtunnelen

– Det viste seg å vere røykutvikling frå motoren på ein bil. Det er uklart kvifor, men det blei sløkt før naudetatane kom til staden, fortel operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes til NRK.

Politiet fekk melding via Vegtrafikksentralen om brann i eit køyretøy. Den første meldinga gjekk på at ein brannsløkkjar nede i tunnelen hadde blitt fjerna.

– Så får vi melding kort tid etter om at det har vore brann i eit køyretøy og at den mest truleg er sløkt, sa Holst-Dyrnes.

Røykutviklinga blei stansa før det utvikla seg til ein større brann, og tunnelen like etter klokka 20.00 open igjen, opplyser politiet.

Ingen har blitt skadd etter røykutviklinga.