Like etter 16:30 melde politiet at dei avsluttar arbeidet på staden. Brannvesenet blir igjen ei stund til for å drive ettersløkking. Det vil ikkje bli gjort tekniske undersøkingar på staden i dag, og difor vil årsaka til brannen bli klar etter vidare etterforsking.
Fire personar blei tysdag køyrd til legekontoret på Austnes for sjekk.
Klokka 15.20 opplyste Paul Ole Vestre i 110-sentralen at dei har kontroll på brannen. To bygg på til saman om lag 1000 kvadratmeter er totalskadde.
Brannen har ført til kraftig røykutvikling i Haram på Sunnmøre, og personar i nærområdet vart bedne om å lukke vindauga på grunn av tjukk røyk.
Flemsøya og Skuløy brannvesen jobba med sløkkinga og brukar vatnet frå sjøen i arbeidet.
Reiv driftsbygning
Ifølgje operasjonsleiar Borge Amdam har ei driftsbygning, som heng saman med hønsehuset, no blitt rive ned for å hindre at brannen blussar opp i området.
– Brannen ville ha kome dit uansett, men no brenn det ikkje så valdsamt, seier han til NRK litt før klokka 15.
Ifølgje Sunnmøre politidistrikt skal alle personar i nærområdet ha kome seg ut frå husa. Dyr i nærliggande fjøs har også blitt evakuert frå staden.
Prøver å berge nabohus
Klokka 13.56 opplyser Sunnmøre politidistrikt om at ein no jobbar å berge bustaden som ligg rett ved staden det brenn.
Fleire tusen høns held vanlegvis til i bygget, som skal vere om lag 75 meter langt og 25 meter breitt.
– Det er ingen dyr i hønsehuset, opplyser Paul Ole Vestre i 110-sentralen til NRK.