Hopp til innhold

Brann i garasje

Det brenn i ei garasje ved Skålasenteret i Molde. Brannvesenet melder at bygget er overtent. Dei er i gang med slekking og jobbar med å hindre vidare spreiing. Det skal vere drivstoffpumper i nærleiken, men ifølge brannvesenet er det ikkje fare for spreiing til desse. Det skal ikkje vere personar i bygget. Politiet ber folk om å halde avstand frå brannvesenet.

Brann i garasje ved Skålasenteret i Molde
Foto: Katharina Hovde / Romsdals Budstikke

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL