Hopp til innhold

Superpendlaren: – Eg skal finne ein sluk til alle dei ekstra pengane

Etter 20 år og 1,6 milliardar bomkroner blir det laurdag gratis å køyre Krifast. Stor jubel, men også litt vemod.

Etter 20 år og 1,6 milliardar i bompenger, er det slutt for bomvakta på Krifast. Frå i morgon av er det gratis å køyre riksveg 70 til og fra Kristiansund. Til stor glede for bilisten - men ein kan også spore litt vemod.

Siste dag med bommen

– Vi skal rive bua på laurdagen.

Det fortel Geir Inge Bersås i Statens vegvesen.

For laurdag 1. desember er det slutt, 20 år etter den høgtidlege opninga – med dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland i spissen.

Ivar Husteli

Ivar Husteli har ikkje turt å rekne på kor mykje pengar han har lagt igjen i bommen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Har aldri rekna på det

Innkrevjinga byrja for 20 år sidan, men no er anlegget nedbetalt. Og det litt før tida.

Litt av æra skal Ivar Husteli få. Han har køyrt Krifast dag inn og dag ut.

– Eg har ikkje turt å rekna på det.

Det seier Husteli på spørsmål om kor mykje han kan ha betalt inn til bommen.

– Men det er vel mellom 450.000 og ein halv million, vil eg tru.

Dermed er det mange som får litt ekstra pengar å rutte med kvart år. Dei gler seg veldig, samstundes som det er litt trist.

Blide og imøtekomande

– Eg kjem sikkert til å sakne dei.

Husteli har både prata og smilt til bomvaktene, i mange år. Humøret har vore upåklageleg.

– Dei er blide og imøtekomande, og har gjort så godt dei kan i ein travel kvardag.

Og prova på det gode humøret ser ein i bua til Jorunn Faksvåg. Ho har vore bombetjent i mange år, og dei siste dagane har gåvene rausa inn.

– Vi har fått bilde, brev og fine ord.

– Vi er glad folk slepp å betale no, men det blir rart no når bommen forsvinn, meiner Faksvåg.

Saka held fram under bildet.

Krifast

Her har mange bilar køyrt dei siste 20 åra.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Nok å bruke pengar på

Men laurdag er det over.

Klokka 12.00. Det er tidspunktet då det blir gratis å køyre til og frå Kristiansund.

Pendlarane vil spare eit par tusen kroner i året, noko superpendlar Husteli er klar over.

– Dei som kjenner meg veit at eg kan å bruke pengar.

– Så eg skal finne ein sluk til dei, avsluttar han.

Har du nokre minne med Krifast? Og kva tenkjer du om at bommen no skal vekk?

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL