Laurdag 1. desember vert bompengeinnkrevinga på Krifast på Nordmøre avslutta. Dermed er 20 år med bompengar over. Det vil bety mykje for arbeidspendlinga trur Svein Bråthen, som er professor i transportøkonomi ved Høgskolen i Molde.
Høge bomsatsar
– Det er klart at når det kostar opp mot 180 kroner for å pendle, betyr det mykje i det daglege. Og det er arbeidspendling som er mest skadelidande ved så høge satsar, seier Bråthen.
Krifast gir Kristiansund og Frei ferjefri fastlandssamband. Det opphavlege Krifast, som opna i 1992, var nedbetalt i 2008. Nedbetalingstida blei derimot forlenga med fire år for å finansiere to nye vegparsellar i tillegg til riksveg 70 og E39.
LES OGSÅ:
Større arbeidsmarknad
Bråthen trur at når sambandet no vert gratis vil det få konsekvensar både på kort og lang sikt. Det første ein vil sjå er at folk vil reise meir over bruene for å shoppe, dra på besøk og nytte seg av kulturtilbod andre stadar. Men om fem til ti år vil ein også merke at arbeidspendlinga mellom Molde og Kristiansund vert større.
– For ungdom vil det vere meir attraktivt å bu her når ein kan velje mellom jobbar i to byar innanfor ein radius på ein time, seier Bråthen.