Hopp til innhold

Blir obdusert i dag

Mannen i 50-åra som blei funnen død i fjæra på Veiholmen i Smøla laurdag blir obdusert i dag. – Dette er vanleg i saker der dødsårsaka er ukjent, seier lensmann i Aure og Smøla, Arnfinn Fuglevåg. Så langt er det ikkje noko som tyder på at det har skjedd noko kriminelt, men at det truleg har vore ei ulykke, seier lensmannen, som håpar obduksjonsrapporten kan gi fleire svar.

Dø person funnet på Smøla
Foto: Magnus Alnes Antonsen / Nordvestnytt

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL