SFO-tilsette i Ålesund innfører strengare reglar for når barna kan gå heim, på grunn av masete foreldre. Dagleg blir dei kontakta på telefon av mange mødrer og fedrar som vil gje beskjedar, avtale klokkeslett og varsle om kven ungane skal gå heim med i dag.
Før kunne det komme ti meldingar på ein normaldag. No er talet mangedobla.
– Dei forstår ikkje kor mange gongar telefonane og meldingane kjem. Dei tenkjer sikkert berre at dette gjeld berre meg, seier Ketil Skoge ved Hatlane SFO.
– Vi opplevde ein telefonstraum, og så mange ulike behov, at lista over kva vi skulle utføre på ein arbeidsdag eksploderte, seier han.
Endring siste åra
Ketil Skoge (54) har jobba på Hatlane SFO i 21 år og har aldri før opplevd slikt påtrykk frå foreldre som i det siste. Mange barn har ulike hentetidspunkt frå dag til dag. Andre kan sjølve velje når dei vil gå heim. Det fører til at mange foreldre er på tråden for å sjekke om dei har gått.
Det er rundt 190 barn på skulefritidsordninga til Hatlane skole. Det kan bli mange beskjedar frå foreldre på ein vanleg dag.
Foto: Remi Sagen / NRK– Medan vi eigentleg skulle halde litt på med aktivitetar, og vere i lag med ungane, og plastre og trøyste, og ordne konfliktar og ta vare på leiken, så driv vi og snakkar i telefonen. Det er veldig problematisk, seier Skoge.
Nyleg la han ut eit innlegg på Facebook der han skreiv at personalet på Hatlane skole i all sin iver etter å vere serviceinnstilt, har medverka til ein uhandterleg straum av beskjedar og kontrabeskjedar. Og at dei i verste fall kan misse oversikta over kvar alle ungane faktisk er.
Får støtte frå foreldra
FAU-leiar Christian A. Strømmen ved Hatlane skole i Ålesund seier han blei kjempeflau då han las innlegget.
FAU-leiar Christian A. Strømmen seier han kjende seg veldig treft då han las hjartesukket til SFO-leiaren ved Hatlane skole. Han er sikker på at mange foreldre vil skjerpe seg.
Foto: Remi Sagen / NRK– Som veldig mange andre kjende vi oss veldig trefte. Vi har kanskje brukt den fleksibiliteten som SFO tilbyr, meir enn det som var tenkt, seier Strømmen.
Innlegget starta med eit hjarte, men var ikkje til å misforstå. No er grensa nådd for kor fleksible dei tilsette på SFO kan vere.
Foto: Skjermdump frå FacebookHan humrar litt når han blar gjennom meldingar som han sjølv har sendt om at dottera kan gå heim klokka 14 ei veke og klokka 14.30 veka etter.
– I staden for å skrive at ho skal gå heim, seier han og sukkar attkjennande.
Nye reglar frå hausten
Frå hausten av innfører SFO difor tidsfristar og strengare reglar for kva for avtalar foreldre kan gjere. SFO-leiar Ketil Skoge håper det får telefonen til å stilne.
– Livet er ikkje ein SMS. Vi ønskjer oss tilbake til den fysiske kontakten som skal vere på ein SFO mellom foreldre og barn, og barn og SFO-personale. Det saknar vi veldig, seier han.