Hopp til innhold

Vart biten av hoggorm då ho luka bed

Då Kirsten Johansen skulle stelle i hagen før pinsa, fekk ho ei oppleving ho ikkje hadde rekna med.

Kirsten Johansen

HOGGORMBIT: Ein fin sommardag i juni blei Kirsten Johansen biten då ho luka i hagen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Plutseleg kjende eg noko som stakk, og eg kvapp til, seier Kirsten Johansen.

Det var for fjorten dagar sidan at Johansen heldt på å stelle i hagen, ved heimen sin på Vatne i Haram kommune. Sola skein, det var varmt og fint vêr. Det var rett og slett perfekte forhold for hagearbeid denne torsdagen.

Raskt og smertefullt

Johansen heldt på å rydde opp rundt ei gammal trerot, og kjende at ho byrja å bli sliten i ryggen. Ho la difor den eine handa på bakken for støtte, og det var då det skjedde.

Kirsten Johansen

HAGEN: Det var her i hagen at Kirsten Johansen blei biten av ei hoggorm då ho skulle luke bedd.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Først trudde eg kanskje eg hadde blitt biten av ein flått. Eg tok av meg hansken for å sjå kva det var, og då såg eg to prikkar med blank væske oppå. Så tørka eg det vekk, og tenkte ikkje noko meir over det, seier Johansen.

Men reaksjonen lét ikkje vente på seg.

– Det byrja å svi med ein gong, og eg kjende ei brennande kjensle i huda. Eg prøvde å kjøle det ned med vatn og kjølekrem slik eg fekk gjort det eg skulle, seier ho.

For Johansen hadde nemleg dårleg tid, og mykje å gjere før ho skulle reise på busstur to dagar seinare. Blant anna skulle ho steike fleire hundre sveler til turen som skulle gå frå Vatne til Surnadal. I mellomtida følte Johansen seg stadig verre.

– Eg følte meg sliten og uvel. Det kjente nesten ut som om eg hadde feber, men eg tenkte det kanskje kunne ha noko med varmen å gjere og at eg var så stressa, seier ho.

Blei stadig verre

Då Johansen kom på bussen laurdagsmorgon kunne ho endeleg sette seg ned å slappe av. Det var då ho innsåg at ikkje alt var som det skulle.

Hoggorm

FRAMLEIS MERKE: Fleire veker etter at ho blei biten, kan ein framleis sjå merkene i huda.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Då gjekk det opp for meg at eg ikkje var dårleg på grunn av stress, og eg opplevde smerter heilt inn til hjartet, seier Johansen.

I tillegg fekk ho god tid til å utforske handa, som no var svært hoven i området frå handleddet og heilt opp til olbogen.

– Det var fleire av medpassasjerane mine som meinte at det måtte vere eit hoggormbit, og meinte at eg måtte reise til lege, seier Johansen.

Vel framme i Surnadal, oppsøker Johansen lege. Men mangel på legevakt gjer at ho må ta turen vidare til Orkanger, ein og ein halv time unna.

–På sjukehuset fekk eg bekrefta at det var eit bit. Legen var ikkje heilt sikker på om det var edderkopp eller hoggorm som hadde bite meg, men eg fekk motgift som skulle hjelpe mot begge, seier Johansen.

Meir forsiktig

Hoggorm

TREROT: Her ved denne trerota blei Johansen biten av hoggormen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Heime på Vatne oppsøkjer ho fastlegen sin, og fastlegen er ikkje i tvil. Dei to tydelege bitemerka i handa må skyldast hoggormbit.

– Ja det var ho ganske sikker på, spesielt ettersom det hadde vore ei blank væske på såret, seier ho.

Sjølv hadde ho aldri trudd ho kom til å bli biten av hoggorm i sin eigen hage, og seier ho har blitt skremt av opplevinga.

–Eg er meir forsiktig no enn tidlegare, og ser meg for nokre ekstra gongar no når eg lukar i hagen, seier Johansen.

Ikkje uvanleg

Norges fremste amfibieforskar, førsteamanuensis Dag Dolmen ved NTNU, trur auken i hoggormbit kan skuldast at menneske og hoggormen ofte er ute på den same tida.

– Hoggormen ligg ofte ute å solar seg på våren og hausten, då er det også mange menneske og dyr som tek turen ut. På sommaren blir det ofte for varmt for hoggormen, og han kryp i skjul, seier Dolmen.

Dag Dolmen

ALVORLEG: Dag Dolmen meiner hoggormbit kan vere ufarleg, men at ein må ta det alvorleg dersom det oppstår ein reaksjon på bitet.

Foto: Privat

Ifølgje Dolmen er det feil å seie at hoggormen går til angrep.

– Hoggormen ser ikkje på menneske eller hundar som byttedyr. Dersom ormen føler seg trengt inn i eit hjørne, eller blir overraska, så kan den krølle seg saman og bite i sjølvforsvar, seier Dolmen.

– Dette er typisk for bærsesongen, då ligg ormen ofte skjult i buskene og kan fort føle seg truga når folk plukkar bær. Men ein må ofte vere så nær som 10 til 30 centimeter frå ormen, elles har du ingenting å frykte held han fram.

Alvorleg

Dolmen meiner likevel at ein må ta hoggormbit på alvor, spesielt dersom det oppstår ein reaksjon.

– Det som betyr noko er mengda hoggormgift per kilo menneske. Barn er difor meir utsett enn vaksne, men eg har også sett store sterke menn gå i bakken som følgje av eit hoggormbit, så det er ikkje noko å spøke med, seier Dolmen.

– Nokre gongar kan det vere lurt å oppsøke lege, berre for sikkerheits skuld, held han fram.

Dolmen seier det er naturleg å anta at hoggorm bestanden har auka dei siste åra. Han påpeikar at det ikkje finst klare tal på området, men at det er fleire ting som peikar på at bestanden er større enn den var for 20–30 år sidan.

– Ungar frå i fjor har truleg hatt større sjanse for å overleve den milde vinteren, så eg trur fleire vil sjå hoggormar i tida som kjem, seier Dolmen.

I tillegg peikar han på ei stabilisering i smådyrbestanden, noko som betyr meir mat til hoggormen.

– Vi har også fått meldingar om hoggorm på stadar der det tidlegare ikkje har vore hoggorm, eller på stadar der hoggormen lenge har vore fråverande, seier Dolmen.

Aukar utover sommaren

Giftinformasjonen har også merka ei auke i folk som tek kontakt om hoggormbit. Kristin Opdal Seljetun, seniorrådgivar Giftinformasjonen anbefaler folk å kontakte dei dersom dei mistenker å ha blitt biten av ein hoggorm.

– Men dersom det er snakk om ein vaksen, frisk person som ikkje opplever symptom, så kan dei godt kontakte oss for råd, seier Seljetun.

– Barn er derimot spesielt utsett, så dersom det er snakk om eit barn, vil eg anbefale å ta kontakt med lege, held ho fram.

Ifølgje Seljetun er hoggormbit ganske vanleg, og i omtrent 30 % av tilfella dreiar det seg om eit tørt bit. Eit tørt bit er når hoggormen bit, men ikkje sprøytar inn gift. Då blir det heller ingen forgifting. Reaksjonar på bitet kan behandlast med ei motgift.

– Vi har sett at førekomsten av hoggormbit aukar utover sommaren. Sjølv om mange av tilfella er ufarlege, kan eit bit få alvorlege konsekvensar dersom ein person får ein kraftig reaksjon på gifta, seier Seljetun.