Hopp til innhold

To personar arresterte etter biljakt

Politiet har arrestert to personar som stakk av frå kontroll i Ålesund tidlegare i dag. Dei arresterte stakk av i ein svart Volkswagen Golf og skapte fleire farlege situasjonar i trafikken.

Arrestert biljakt giske

Her blei to personar arresterte etter at dei prøvde å kome seg unna politiet i den svarte Golfen.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Innsatsleder Per Ivar Hovden

Innsatsleiar Per Ivar Hovden.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Politiet trudde først at bilen hadde køyrt gjennom Ellingsøytunnelen, og vidare austover på Ellingsøya. Innsatsleiar på staden, Per Ivar Hovden, seier at dei trudde at bilen hadde greidd å kome seg unna. Politiet heldt fram med leitinga på øyane i Giske kommune. Heile fem patruljebilar og til saman sju personar var med i biljakta.

– Bilen blei forsøkt stoppa i bysentrum tidlegare i dag. Men vi heldt fram med leitinga i heile Giske kommune, sa Hovden. 15:15 melde politiet at dei hadde arrestert to personar på Giske.

Det er ikkje sikkert at denne hendinga kan koplast med knivstikkinga på Myrland tidlegare i dag.

Politiet måtte slutte å ligge på hjul bak bilen ved inngangen til Valderøytunnlene fordi farta blei for stor. Ein bil var nær ved å kollidere med den svarte Golfen ved inngangen til Valderøytunnelen.

Politiet fekk tips

Operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Magne Tjønnøy, opplyste at dei fekk tips frå publikum om at bilen hadde køyrt gjennom Valderøytunnelen.

Politiet veit ikkje kvifor bileigaren stakk. Men Tjønnøy seier at dei veit kven bileigaren er, og at han har vore blanda inn i forhold tidlegare som kan vere grunnen til at han ikkje ville stoppe.

biljakt valderøy

Politiet leita etter bilen på alle øyane i Giske kommune. Her står dei på Ytterland på Valderøya.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL