Hopp til innhold
Valle, Skodje

Bilførar stakk frå kontroll

  • Hadde ikkje førarkort

    Mannen i 20-åra som lét vere å stoppe for ein politikontroll i Sula torsdag kveld hadde ikkje førarkort, det seier operasjonsleiar i politiet til NRK. Mannen blei også tatt med ei mindre mengde narkotika og blir meldt for dette.

  • Stoppa bilførar på flukt

    Politiet har no stansa bilføraren som lét vere å stoppe for ein kontroll i Langevåg på Sula like før klokka 19.00 torsdag kveld. – Føraren, ein mann i 20-åra frå Sunnmøre, blei stoppa av ei politisperring på fylkesveg 656 på Valle i Skodje kommune i 19.20-tida, opplyser politiet. Det blei ingen materielle eller personskadar i aksjonen.

  • Politiet jaktar bilførar

    Politiet jaktar no ein bilførar som let vere å stoppe for ein kontroll i Langevåg, Sula. Fleire patruljar har blitt sendt ut for å stoppe bilføraren, det seier operasjonsleiar i politiet til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL