NRK Meny

Bilbrann etter kollisjon

Ein bil byrja å brenne i samband med ein kollisjon på Fiskerstrand i Sula i 04-tida natt til torsdag. Nødetatane rykte ut og brannvesenet starta sløkkingsarbeid. Det blei raskt stadfesta at det ikkje sat igjen nokon i dei to bilane. Politiet melder at dei har kontroll på fire personar i samband med ulykka, og at det ikkje skal vere noko personskade. Fylkesveg 657 er open.