Bil har velta

Ein lastebil har velta i Vinjebrauta i Stordal, det melder 110 sentralen i Møre og Romsdal. Lastebilen skal ha velta på sida og stengjer eit køyrefelt. Det er meldt om moderate personskadar. Politi og ambulanse er på veg.