Hopp til innhold

Sendt til sjukehus etter utforkøyring

Ein bil køyrde utfor vegen på Verma i Rauma. Føraren vart sendt til sjukehus med helikopter.

Verma

Det var klokka 18.27 at politiet fekk melding om ulykka.

Trafikkulykke ved Foss i Verma

Politiet veit førebels ikkje kva som var årsaka til ulykka. Heile frontruta til bilen var knust.

Foto: Marit Elise Brudeli

– Det er eit einsleg køyretøy som har køyrt av vegen ved Foss på Verma, seier operasjonsleiar Siri Engdahl ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politi, ambulanse og helikopter var på staden. Det var berre ein person i bilen og han vart sendt til Molde sjukehus med helikopter.

– Mannen er medviten, seier Engdahl. Politiet veit førebels ikkje kva som er årsaka til ulykka eller om det var glatt på staden.

Vegen var ei stund stengt på grunn av ulykka, men like før klokka 20 vart ei køyrebane opna. Klokka 21.10 opplyser politiet at vegen er open att for trafikk.

Seint måndag kveld seier politiet at mannen kom frå ulykka med lettare skader.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL