Hopp til innhold

Bil hang utfor skrent på Aksla

Ein bil rygga utfor ein skrent ved Fjellstua i Ålesund. Ein person er berga ut av bilen.

Utforkjøring Fjellstua

Til alt hell viste det seg å ikkje vere så høgt ned der bilen rygga utfor.

Foto: Frode Berg / NRK

– Bilen hang frampå kanten, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt Per Åge Ferstad til NRK klokka 14.00.

Politiet frykta først at bilen kunne falle utfor fjellet Aksla frå Fjellstua med ein person inni. Ein person var inne i bilen og det var fare for at bilen kunne falle ned. Då politiet kom til staden viste det seg at det var snakk om den øvste parkeringsplassen ved Fjellstua, der det ikkje er så høgt ned.

– Politiet har fått føraren ut og sikra bilen, fortel Ferstad klokka 14.18.

Føraren hadde rygga utfor den øvre parkeringsplassen. Bilen stod på vippen, men er no sikra og føraren er uskadd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL