Hopp til innhold

Betydeleg snøskredfare i Romsdal

Snøskredvarslinga melder om betydeleg snøskredfare i Romsdalsområdet måndag og tysdag.

Snøskred i Grøvdalen i Isfjorden i Rauma

Arkivfoto: Snøskredfaren er no betydeleg stor i Romsdal. Dette biletet er frå eit snøskred i Grøvdalen i Isfjorden i Rauma.

Foto: Kjell Peder Gyldenskog

Fire skituristar og ein guide utløyste eit stort snøskred ved Grønntinden ved Måndalen i Rauma søndag formiddag. Skispor som førte inn i skredet førte nesten til at ein leiteaksjon blei sett i gang, men ein telefon til guiden avklarte raskt at ingen var tatt av skredet.

No melder varsom.no om betydeleg snøskredfare i Romsdal dei komande dagane.

– Det er ein kompleks situasjon med fleire skredproblem. Det krev mykje kunnskap om skred for å bevege seg trygt i bratt terreng slik som situasjonen er no, er meldinga frå snøskredvarslinga.

Søndag omkom ein 37-åring i eit snøskred i Sogn, og fagfolk åtvarar no på det sterkaste om ustabile snølag, som igjen har ført til stor snøskredfare mange stader i landet.

Fleire skredproblem

Snøskredfaren er no størst i Romsdal, medan den er moderat på Sunnmøre og i Trollheimen. Det har kome mykje nysnø fleire stadar i fylket dei siste dagane, noko som har vore med på å auke snøskredfaren. Ifølgje snøskredvarslinga er det no store sjansar for å løyse ut flakskred i Romsdal-området.

Det krev mykje kunnskap å kjenne igjen svake lag i snødekket og oppmodinga frå snøskredvarslinga er klar.

– Ver ekstra forsiktig etter snøfall eller vind, og i periodar med temperaturstigning. Unngå ferdsel i skredterreng og i utløpsområde. Det er størst sjanse for å løyse ut skred der snødekket er tynt, nær rygger og der det er steinar som stikk fram. Fjernutløysing er sannsynleg, skriv dei.

Det er også stor fare for laussnøskred i Romsdal. Nysnøen treng framleis meir tid for å stabilisere seg i høgda og i skyggevende område. Mykje tyder også på at det er eit aktivt lag av kantkorn i snødekket som er under utvikling og som kan løyse ut store skred som følgje av vekta til ein einskild skiløpar.

– Skredproblemet finst overalt der det ligg mykje nysnø i bratte terreng. Sjå etter nysnø som bindar seg saman til mjuke flak og sprekkar opp eller fester seg dårleg til den eldre snøen under. Snø som sprekkar opp rundt skia eller brettet er eit typisk teikn, skriv varsom.no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL