Hopp til innhold

Betre kommunikasjon med dei minste

Det er ikkje lett å kommunisere med dei yngste pasientane om diagnosar og behandling. Helsetilsynet set denne veka fokus på dette.

Mathias Aas Småge på fanget til mamma Linda Fjørtoft Aas.
Foto: Berit Susanne Kjølås / NRK

Lille Mathias Aas Småge (bildet) frå Vestnes har saman med mamma Linda Fjørtoft Aas vore på barneavdelinga i Ålesund i eit døgn på grunn av feberkrampe. I fjor var dei to der i fem veker, og Linda Fjørtoft Aas har berre godord å seie om informasjonen dei fekk undervegs.

- Mathias er for tidleg fødd, og vi fekk god og forståeleg informasjon under heile opphaldet.

Likevel har ikkje alle pasientar som har vore innom barneavdelingane i Midt-Noreg gode erfaringar med informasjonen. For eit par år sidan, viste ei undersøking at talet på tilfredse pasientar ved barneavdelingane var færre, enn ved andre avdelingar.

Fire sjukehus under lupa

Helsetilsynet vil no sette fokus på korleis kommunikasjonen fungerer både internt på avdelingane og ut til pasientane. Det blir gjennomført tilsyn både i Ålesund, Kristiansund, Levanger og Trondheim i desse dagar.

Seksjonsleiar ved barneavdelinga i Ålesund, Irene Takvam.
Foto: Berit Susanne Kjølås / NRK

Seksjonsleiar ved barneavdelinga i Ålesund, Irene Takvam, meiner dei har gode rutinar på korleis kommunikasjonen skal foregå når unge pasientar får diagnosar som cøliaki, diabetes eller allergi. Dette er diagonar som er kroniske og som krev at familien rundt barnet endrar kvardagsrutinane sine. Takvam seier det er viktig at all informasjon blir gjentatt, sidan familien ofte ikkje klarer å ta inn alt det nye i første samtale.

Lite pengar til tiltak

Verneombod ved barneavdelinga i Ålesund, Berit Gangdal Sunde.
Foto: Berit Susanne Kjølås / NRK

Verneombod ved avdelinga, Berit Gangdal Sunde, synest det er bra med slike tilsyn. Det får dei tilsette til å skjerpe seg, og set fokus på ting dei kanskje elles gløymer i ein hektisk kvardag. Ho fryktar likevel at fleire tiltak blir liggande på vent i etterkant av slike tilsyn.

- Det botnar i pengemangel. Vi vil gjerne gjennomføre tiltak som Helsetilsynet foreslår, men det er frustrerande når ein sjeldan får gjennomført desse på grunn av for lite pengar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL