Hopp til innhold

Betre hjelp frå barnevernet

Hardt arbeid har gitt gode resultat for barnevernet i Ålesund.

Barn

Illustrasjonsfoto.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Sylvia Våge, verksemdsleiar, Barn og Unge i Ålesund

Positivt resultat: Onsdag fekk Sylvia Våge, verksemdsleiar, Barn og Unge i Ålesund, den gode rapporten.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

- Det viser at ting nyttar og at forebygging i barnevernet fungerer, seier Sylvia Våge, som er verksemdsleiar for barn og unge i Ålesund.

Vekst, ivaretaking og trivsel

I tre år har Ålesund kommune deltatt i forskingsprosjektet VIT, som står for vekst, ivaretaking og trivsel.

Rettleiarane har arbeidd tettare saman med familiane enn før, og onsdag kom rapporten som viser at det har gitt positive resultat.

Det er først og fremst i heimane arbeidet skjer. Gjennom inngåande samtalar fleire gongar i veka har familiane fått hjelp til å løyse problema sjølv.

80 prosent av familiane som har delteke i prosjektet seier at dei har fått det mykje betre, men framgangen kjem ikkje gratis.

Janne Midtbø, VIT-rettleiar

Mykje hardt arbeid ligg bak dei gode resultata seier VIT-rettleiar Janne Midtbø.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

- Det krev mykje arbeid og den viktigaste jobben blir gjort dagleg, seier Janne Midtbø, VIT-rettleiar.

Sparer pengar

Ein av dei positive konsekvensane som har kome frå prosjektet er at færre barn treng akuttplassering, noko som også kommunen sparer pengar på.

Prosjektet har vore så vellukka at barnevernet i Ålesund får halde fram med det.

- Vi ser at folk får det betre. Vi jobber tett saman og det gir resultat. Folk får det betre, seier Midtbø.