Hopp til innhold

Farfar gav vekk stemma si til Agnes på 15 år

Då tida var komen for å putte stemmesetelen i valurna, valde ikkje Helge Aarseth (73) det partiet han sjølv er einig med. For i år var det barnebarnet sin tur å bestemme.

Agnes Osberg Aarseth og Helge Aarseth

FEKK VELJE: I år var det Agnes Osberg Aarseth på 15 år som bestemte kva for parti farfar Helge Aarseth skulle stemme på.

Foto: Privat

Fjorten gongar tidlegare har Helge Aarseth kunna stemme ved stortingsvalet. No er han pensjonist, og meiner det er på tide å sleppe fram den yngre generasjonen.

– Vi snakkar så mykje om at vi skal tenke på våre barn og barnebarn, og kva slags verd vi overlèt til dei. Og då kom eg på den ideen om at den mest konkrete måten må jo vere at eg utfordrar mitt eldste barnebarn, seier 73-åringen.

Helge Aarseth

IKKJE UROLEG: Farfar Helge Aarseth seier barnebarnet tok eit fornuftig og gjennomtenkt val, og han var ikkje uroleg for å la henne velje.

Foto: Privat

Farfar Helge frå Molde spurte difor barnebarnet sitt på 15 år om ho kunne tenke seg å bestemme kva parti han skulle stemme på ved årets stortingsval.

Agnes Osberg Aarseth var ikkje heilt førebudd på spørsmålet frå farfar.

– Eg tenkte først oi, kan eg gjere dette, og kva skal eg stemme på? Eg var litt usikker. Men så syns eg det var morosamt at han ville gjere det. Og det er gøy å ha litt innflytelse, så då sa eg ja.

Og dei har allereie vore å førehandsstemt, slik som fleire enn 1.640.000 andre nordmenn har valt å gjere i år.

Eit vanskeleg val

Tidlegare har ikkje Agnes vore veldig oppteken av politikk, men ho har følgt med på debattar saman med foreldra sine, og synast det er spennande.

Agnes Osberg Aarseth

VAR USIKKER: Agnes Osberg Aarseth var usikker på om ho kunne ta valet for farfar. Men ho takka ja, og no har dei stemt saman.

Foto: Privat

Var det vanskeleg å bestemme seg?

– Ja, det var vanskeleg. Eg har ikkje eitt parti som eg visste at eg hadde lyst å stemme på, så eg måtte ta litt valgomatar og setje meg inn i kva som var dei ulike partia sine saker.

På spørsmål om kva saker Agnes bryr seg om, svarar ho at ho syns det er viktig med miljø, skule og andre saker som angår henne.

Må ikkje gløyme seg sjølv

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda er einig i at måten farfar og Agnes har stemt på er fin. Men seier det er nokre utfordringar med det.

Bjarte Folkestad, valgforsker ved Høgskulen i Volda.

TEIKN I TIDA: Valforskar Bjarte Folkestad trur mange eldre bryr seg meir om framtida til dei unge, enn om kvardagen her og no.

Foto: Ingvild Festervoll Melien

– Det er jo eit teikn i tida, slik som for eksempel dette med Besteforeldrenes Klimaaksjon. Du får ei gruppe godt oppegåande eldre som tenker lenger enn sin eigen kvardag, og som kanskje tenker meir og meir på barnebarna sin framtidige kvardag.

Faren er at ein kjem i konflikt med eigne interesser. Skal ein prioritere pensjonistinteressene framfor barnebarnet sin kvardag?

Han meiner dei eldre gjerne er dårleg representerte i folkevalde forsamlingar, og at det difor er viktig at dei ikkje gløymer å tenkje på seg sjølv.

Ingen vetorett

Farfar Helge seier han hadde bestemt seg for at uansett om Agnes valde eit parti han var sterkt ueinig med, så skulle han ikkje protestere.

– Men eg har jo inntrykk av at Agnes er ei fornuftig jente. Det er ikkje sikkert eg hadde stemt akkurat likt Agnes, men at det var eit fornuftig og gjennomtenkt val ho gjorde, det er eg ikkje i tvil om.

Dei synest begge at dei har stemt på ein festleg måte, og ifølgje farfar Helge er det fleire som har sagt at det var eit originalt val.

– Men eg følte meg veldig roleg for å la eit barnebarn få lov å bestemme. Det er på tide at fokus flyttast dit no.