Hopp til innhold

Måtte hoppe i sjøen frå brennande båt

Det vart dramatikk då far og son skulle dra teiner ved Alnes i Giske. Båten tok fyr og dei to måtte til slutt hoppe over bord.

Knut Bjørnar og Leif Gjerde

Knut Bjørnar og faren Leif Gjerde kom velberga frå båtbrannen ved Alnes.

Foto: Malin Kjelstadli Korsnes / NRK

Dei to hoppa på sjøen og blei berga i land av lokale folk, fortel båteigar Knut Bjørnar Gjerde.

– Vi låg inne på Vindsneset og drog teine, då eg kjende svilukt. Eg trudde det var frå teinehalaren, at motoren der hadde brent opp. Men så såg eg at det byrja å ryke frå maskina, og då eg opna opp såg eg det var full fyr.

Gjerde henta spylarslangen for å sløkke, medan far hans, som og var med i båten, prøvde å sløkke ved hjelp av nokre bøtter vatn.

Båtbrann

Båten er det ikkje mykje igjen av.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Det blei etter kvart for mykje røyk, så då sette vi full fart inn mot hamna. Der streika alt og båten gjekk berre i runding i full fart.

110-sentralen melder at båten låg fem til ti meter frå land medan den brann. Då sløkkearbeidet starta blei det i tillegg lagt ut lenser.

– Vel inne på hamna var eg ikkje så veldig redd. Då visste eg at vi ville kome oss til land. Men det brann så mykje at vi måtte berre hoppe. Det var kaldt, men vi måtte hoppe. Far min er ein harding, så eg var trygg på at han og skulle kome seg i land.

Hjelpa var nær

Då dei kom inn til hamna stod det også folk på land som var klare til å gå i båtane. Og ifølge Gjerde kom det folk frå alle kantar for å hjelpe dei i land.

Kraftig røyk frå den brennande båten gjorde at dei husa i nærleiken som var utsette for røyk blei evakuerte.

– Båten er det ikkje noko igjen av, så eg går glipp av heile laksesesongen viss eg ikkje finn ein ny nokså fort.

Brannen blei sløkt etter ein knapp time, og båten blir slept til det politiet kallar «eigna stad». Dei skal etterforske saka, men innsatsleiar Karl Jonas Volen seier dei to handla heilt rett. Volen meiner det kunne gått verre.

– Det var vel litt flaks at det ikkje skjedde lenger ute, vedgår Gjerde. Men etter at eg kom i land var eg ikkje særleg skjelven, sjølv om eg aldri har vore med på brann om bord i ein båt før. Men det gjekk no bra, og det er det viktigaste.

Brannmannskap på Alnes

Brannmannskap fekk sløkt båtbrannen på ein knapp time.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK