NRK Meny

Beredskapen skal bli betre

Sandøy og Norddal er to av sju pilotkommunar i landet i arbeidet for betre beredskap ved straumbrot. Pilot-kommunane får betre sikring av nødstraumen slik at den skal vare i minimum tre døgn. I tillegg skal basestasjonane for mobilsambandet utstyrast med eit eige reserve-samband. Skadane som oppstod på straum- og mobilnettet under uveret Dagmar i 2011 er grunnen til at Direktoratet for samfunnsberedskap har sett i gang dette arbeidet.

Straumbrot Nordvestlandet
Foto: Statnett