Hopp til innhold

Ber nettselskapa betale tilbake millionoverskot til kundane

Øystein Bakke (49) har spart på straumen i heile vinter. Då han oppdaga kva nettselskapa har håva inn dei siste ti åra blei han provosert.

Øystein Bakke

Familiefaren Øystein Bakke skulle gjerne brukt pengane som det lokale nettselskapet skuldar han til andre ting. Han er ein aktiv friluftsmann.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Familiefar Øystein Bakke er glad for kvar ei krone han sparer i straum. Rett før jul skifta han straumleverandør. No vil han ha pengane tilbake frå det lokale nettselskapet i Sykkylven på Sunnmøre.

– Tilliten til kraftselskap og nettselskapa er låg frå før, og så kjem dette på toppen. Det gjer at eg og fleire andre reagerer, seier Bakke.

For Sykkylven Energi har kvart einaste år sidan 2006 tatt inn for mykje i nettleige. I 2012 åleine var meirinntektene på nesten 13 millionar.

Øystein Bakke

Øystein Bakke i Sykkylven er ikkje fornøgd med at det lokale nettselskapet har tatt inn for mykje i nettleige i 15 år.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Tatt inn over 1,2 milliardar for mykje

NRK skreiv nyleg om nettselskap over heile landet som har tatt inn milliardbeløp i for mykje nettleige dei siste ti åra. I praksis betyr det at svært mange kundar har betalt meir nettleige enn dei skulle i mange år, utan å vere klar over det.

Saka vekkjer reaksjonar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

– Eg synest det er veldig provoserande og djupt urettferdig at det som skal vere ein dugnad, nettleiga, i røynda er ein større inntektspost for nettselskapa enn det burde vore, seier Sofie Marhaug (Raudt).

Sofie Marhaug

Sofie Marhaug i Miljø- og Energikomiteen på Stortinget er provosert over praksisen til nettselskapa.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Nikolai Astrup (H) er heller ikkje glad for praksisen.

– Nei, slik skal de ikkje vere. Eg forventar at NVE og Reguleringsmyndigheten følgjer opp nettselskapa, og sørgar for at dei nettselskapa som i mange år har kravd inn for mykje nettleige, kjem à jour så raskt som råd, seier han.

  • Lyst å finne ut om nettselskapet ditt har hatt høgare inntekter enn dei har lov? Det sjekkar du her! (trykk på grå pil i venstre marg for å velje ditt selskap)

No reduserer dei nettleiga

Informasjonsansvarleg i tidlegare Sykkylven Energi, Tone Skårland Gjærde, seier selskapet først i vinter fekk beskjed frå NVE om at praksisen med meirinntekter ikkje er grei.

Gjærde seier årsaka til dei høge meirinntektene over fleire år er samansette.

Det er vanskeleg å fastsetje nettleiga konkret før året er omme fordi det er mange ting som påverkar det. Det er både kraftprisen, forbruket til kunden, rentenivå og faktiske kostnader i nettet, seier ho.

Kva gjer de for å få orden på dette?

– Vi har innretta oss etter NVE og redusert nettleiga betydeleg i første kvartal i år, seier ho. Ho seier målet er å gå i null i løpet av året.

Tone Skårland Gjærde

Informasjonsansvarleg Tone Skårland Gjærde i tidlegare Sykkylven Energi seier dei no har redusert nettleiga betydeleg og at målet er å gå i null i 2022.

Foto: Kristin Støylen

Nettselskapet har i ettertid bedt om å få endra sitatet frå «siste kvartal» til «første kvartal». Dette er gjort.

Glad for fokus på saka

Rett før jul fekk familiefaren Øystein Bakke «julehelsing» frå tidlegare Sykkylven Energi. Der skriv nettselskapet skriv at dei vil reduserer nettleiga i tre månader framover for å hjelpe folk som slit med høge straumutgifter.

Skjermdump

Her er meldinga Øystein Bakke og dei andre kundane fekk rett før jul. Nettselskapet skreiv ingenting om at dei har hatt meirinntekter på fleire millionar i mange år.

Foto: Skjermdump

Selskapet skriv ingenting om at Reguleringsmyndigheten for energi (RME) i Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE, nettopp har kravd at dei må redusere meirinntektene frå kundane sine og at dei vil intensivere kontrollane.

Bakke synest det er flaut av selskapet.

– Litt som å ta 1000 kroner av deg, for gi deg ei julegåve verdt 100, seier Bakke.

Øystein Bakke

Øystein Bakke er ein av dei som følgjer med på straumprisen og nettleiga. Han reagerer på at mange nettselskap skuldar kundane sine pengar.

Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL