Hopp til innhold

Stor pågang frå enkeltpersonar og grupperingar som vil fram i vaksine-køen

Frykta for ei tredje smittebølgje har gjort at legane pressar på for å ta plassen til dei eldste i vaksinekøen. No ber også lærarane om at dei får prioritet.

Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet.

Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet, hevdar lærarane må vaksinerast raskt dersom skulane og barnehagane skal kunne haldast opne framover. Han får ikkje støtte hos Folkehelseinstituttet.

Foto: Stig Weston / Utdanningsforbundet

105 år gamle Eva Wendt Ryen i Stavanger var ei av dei aller første i heile landet som fekk koronavaksine denne veka. Den høge alderen hennar gjer at ho er ei av dei som står heilt fremst i køen for å få dei ettertrakta sprøytestikka. Men no pressar også fleire yrkesgrupper seg fram.

Fredag blei det kjent at legane fryktar ei tredje smittebølgje og har bedt om å rykke framover i kampen om dei knappe vaksinane. No følgjer også lærarane etter.

Gerd Botn Brattli

Gerd Botn Brattli, som er fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal, hevdar lærarane må arbeide under svært dårlege smitteverntiltak.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi er engstelege for dei. Dei må arbeide under svært dårlege smitteverntiltak. Ein kan ikkje bruke munnbind i undervisninga, ein kan ikkje halde så god avstand, seier Gerd Botn Brattli, som er fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal.

Stor pågang for å rykke fram i køen

Lærarane er berre ei av gruppene som den siste tida har kontakta Folkehelseinstituttet. Overlege Preben Aavitsland seier til NRK at dei får mange spørsmål både frå enkeltpersonar og foreiningar som ønskjer å rykke fram i køen.

– Alle som no i januar og februar vil framover i køen, må huske på at dei då skal gå forbi 90-åringar, 80-åringar og 70-åringar, seier han.

Det same sa han til legane, då dei nyleg bad om at endå fleire av dei får prioritet i vaksinekøen. Frå før har FHI sagt at 15 000 helsearbeidarar kan vaksinerast samtidig med dei eldste i risikogruppa.

Ber FHI vurdere prioriteringa på nytt

Laurdag blei det kjent at Utdanningsforbundet i eit brev til Folkehelseinstituttet ber om at FHI vurderer på nytt om lærarane skal prioriterast.

Steffen Handal, leder Utdanningsforbundet

Steffen Handal, som er leiar i Utdanningsforbundet er ikkje redd for at spørsmålet om å få sleppe fram i vaksinasjonskøen vil provosere folk. Han trur mange forstår behovet.

– Dersom barnehagane og skulane framleis skal kunne klare å vere opne, føreset det at medlemene våre ikkje blir utsett for eller bidrar til smitte i aukande grad, seier Steffen Handal, som er leiar i Utdanningsforbundet.

– Men det vil då eventuelt vere gamle og sjuke som må vike dersom lærarane skal fram i køen, er det rett, synest du?

– Det har eg ingen forusetning for å ta stilling til. Eg merkar meg at vi står i førstelinja, smitten utviklar seg, det er nye smittevariantar, og slik sett meiner vi det er rett å be om ei ny vurdering.

– Er det eit forsøk på å snike i køen?

– Absolutt ikkje. Det er først og fremst eit forsøk på å få FHI til å gjere ei ny vurdering av situasjonen, som vi meiner er annleis enn det den var då dei gjorde den siste vurderinga, seier han.

– Trur du folk flest vil skjøne at lærarane eventuelt skal fram i køen, framfor gamle og sjuke?

– Som sagt har eg ikkje noko føresetnad for å prioritere grupper opp mot kvarandre, det er det Folkehelseinstituttet som skal gjere. Det einaste vi har gjort er å be om ei ny vurdering frå helsestyresmaktene, seier han.

Handal representerer over 180.000 lærarar og er ikkje redd for at folk blir provoserte over at dei, til liks med legane, argumenterer for at dei er i ei særstilling.

– Lærarane sin samfunnskritiske funksjon må få betydning når vaksineringa skal gjennomførast over heile landet, seier Steffen Handal, som er leiar i Utdanningsforbundet.

Ber også lærarane om å vente

Men overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet ber lærarane ta det med ro, og huske kven som står framfor dei i køen. Han seier Utdanningsforbundet sine medlemer ikkje kjem til å bli prioriterte verken i januar eller februar.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet bad nyleg legane om å tenkje seg om, då dei bad om at endå fleire av dei får koronavaksine raskt. No ber han lærarane om vente på tur.

Foto: Tor Erik Schrøder

Og han trur ikkje det er fare for at skular og barnehagar må stenge på grunn av utbrot blant personalet.

– Vi trur ikkje det blir så mange smitta lærarar samtidig, seier han, og legg til at dei gamle som no blir vaksinerte er dei som har ekstra høg risiko for å døy dersom dei blir smitta.

105-åring vil gjerne leve litt lenger

105 år gamle Eva Wendt Ryen i Stavanger slapp å spørje, og sa ja med ein gong ho fekk tilbodet om koronavaksine. Ho vil framleis kose seg med barn og oldebarn.

– Eg syns eg har det så godt, det høyrest rart ut å seie det, men eg har lyst å leve litt til, sa ho tysdag.

Eva Wendt Ryen (105) får første vaksine i Stavanger

105 år gamle Eva Wendt Ryen var ei av dei første – og truleg den eldste i landet – som fekk koronavaksine rett etter nyttår.

Foto: Erik Waage