Legane fryktar ny smittebølgje og vil forbi dei eldre i køen

Legeforeningen meiner det hastar å få vaksinert helsearbeidarar før ei ny smittebølgje kjem. No vil dei ha fleire helsearbeidarar først i vaksinekøen.

Første vaksine Innlandet

Aslaug Eikeberg var den første i heile Innlandet som fekk koronavaksine. I Noreg har dei eldste fått førsteprioritet.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det vert teikna opp eit bilete av bølgje nummer tre om ein til to månader. Styresmaktene har allereie sett i gang tiltak med det scenarioet for auge. Då treng me friskt helsepersonell til å behandle dei som vert sjuke. Både covid-pasientar, men også andre, seier Marit Hermansen, som er leiar i Legeforeningen.

– Bør tenke seg om ei gong til

Så langt har Folkehelseinstituttet sagt at 15.000 helsearbeidarar kan få vaksinen på lik linje som dei eldste i risikogruppa. Dette er helsepersonell som er vanskeleg å erstatte om dei skulle bli sjuke, slik som intensivsjukepleiarar eller personell i luftambulansen.

Kine Kalstad får korona-vaksine i Bodø.

I Bodø fekk fastlege Kine Kalstad vaksine, men kommunen måtte seinare gå ut og beklage. For dei utvalde helsearbeidarane som skal få vaksine skal ikkje få vaksinen før i neste veke.

Foto: Per Willy Larsen / NRK

Men å opne for at endå fleire skal få er ikkje aktuelt, seier Preben Aavitsland, overlege i Folkehelseinstituttet.

– Me synest det er vanskeleg å flytte unge, friske menneske før i køen. Om me skal vaksinere 130.000 sjukepleiarar og legar no, ja, så blir det 130.000 av dei eldre som må flyttast lengre bak i køen. Det synest me er vanskeleg å gjere, seier Aavitsland.

Han seier at det i verste fall kan koste liv, og meiner at Legeforeningen bør tenke seg om ei gong til.

– Viss legane skal før i køen, så må dei gå før sine egne, eldre pasientar, seier Aavitsland.

FHI fryktar ikkje helsekrise i Helse-Noreg

Hermansen meiner det at styresmaktene no førebur seg på ei ny bølgje og ein ekstraordinær smittesituasjon også bør føre til meir vaksinering av helsepersonell, slik at Helse-Noreg er klare for det som måtte komme.

Covid-19 vaksine

Framover vil det kome rundt 50.000 dosar kvar veke. Legeforeningen er redde for at det kan ta for lang tid å få vaksinert alle helsearbeidarane.

Foto: Berit Roald / NTB

Aavitsland er ikkje uroa for kapasiteten ved ei eventuell ny bølgje,

– Me ser ikkje for oss at det samtidig vil vere meir enn oppimot 10 prosent som er borte frå jobb. Og dei aller fleste av våre helsetenester toler eit slikt fråvære. Men så har me altså prioritert nokre heilt kritiske tenester, slik som intensivavdelingar, der eit slikt fråvære kan bli vanskeleg, seier Aavitsland.

Det er eit eige etikkutval som har vore med på å vurdere kva grupper som skal få vaksinen først. Dei konkluderte med at eldre og sjuke bør få vaksinen først, og slikt har det blitt. Unntaket er altså helsepersonell i ekstra viktige posisjonar, og som ikkje er enkle å erstatte ved sjukdom.

I ei spørjeundersøking utført av NRK var det derimot fleirtal for å gje vaksinen først til helsepersonell, og deretter til personar i risikogruppa.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 01.12.2021
17 922
Smittede siste 7 dager
257
Innlagte
1 092
Døde
4 229 770
Vaksinerte

SISTE NYTT

Siste meldinger