Hopp til innhold

– Hald deg heime viss du kan

Ekstremvêret «Hilde» skapar trøbbel på vegane. Folk bør halde seg unna vegane i dei mest utsette områda, er oppfordringa frå Statens vegvesen.

Vegen sperra i Vartdal

Vegen er sperra ved forsamlingshuset Soltjeld på Vartdal i Ørsta etter raset fredag kveld. 35 personar er evakuerte i området. Fleire andre vegar langs kysten er også stengt som følgje av uvêret.

Foto: Frode Berg / NRK

Ekstremvêret «Hilde» skaper trøbbel på vegane frå Hordaland og nordover til Trøndelagsfylka. Langs heile kysten i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag-fylka og Nordland melder Vegvesenet om stengde vegar og vanskelege forhold på grunn av vêrforholda.

– Ikkje med mindre du må

Statens vegvesen ber billastane halde seg unna vegane i dei mest råka områda.

Pål Olufsen på vegtrafikksentralen vil ikkje namngje spesifikke vegar, fordi uvêret gjer at stadig nye strekningar kan bli ramma.

– Åtvaringa gjeld kystnære strøk generelt. Folk bør helst ikkje ut å køyre med mindre dei må, seier han.

Olufsen fortel at han blant anna har fått telefonar frå handballtrenarar som lurte på om dei kunne ta med laga sine Ålesund til Ørsta.

– Då måtte eg seie som sant var; at vegane er opne no, men det kan fort skje at eit tre ramlar i vegbana på E39 slik at vegen vert stengt, seier han.

Nordmøre nest

Medan Hordaland og Sogn og Fjordane vart hardast ramma fredag, er det venta at «Hilde» vil skape mest problem laurdag og natt til søndag i Trøndelagsfylka og delar av Nordland. Ifølge ekstremvarsel frå Meteorologisk institutt er det venta sterk storm med vindkast på 40–50 m/s inn over land og høge bølger opp mot 15 meter inn mot kysten

Nett no er det Sunnmøre som har fått kjenne på vêret som mest til no i fylket, men Olufsen seier det snart er på tide for nordmøringane å førebu seg på stormen.

– Det har ikkje kome inn så mange meldingar for Nordmøre førebels, men det kan kome, seier han.

Mange stengde vegar

I 13.30-tida laurdag var desse vegane stengde i Møre og Romsdal, dei fleste på Sunnmøre:

  • Fv 40 Steinsvika - Dale (fare for ras)
  • Fv 41 Leira - Viddal (jordras)
  • Fv 43 Hunneset - Vatne (jordras)
  • Fv 651 Høydalen - Håvik (jordras)
  • Fv 47 Berkneset: Ekset - Hovdebygda (jordras)
  • Fv 655 Norangsdalen: strekninga Lekneset - Tryggestad (jordras)
  • Fv 111 Vestre Brusdal - Nergården (jordras)
  • Fv 286 Pesetra: strekninga Bjerkeset - Astad (jordras)
  • Fv 362 Arasvik - Mjosundbrua (flom)

Følg oppdaterte trafikkmeldingar for Møre og Romsdal på trafikksidene til NRK.

– Vi i Statens vegvesen er saman med våre driftsentreprenørar i full beredskap i alle dei råka områda. Alt av tilgjengeleg mannskap og utstyr er ute. Vi førebur oss også til dei utfordringane som kan kome som følgje av utviklinga av vêrsystemet, seier kriseleiar Sigurd Olav Olsen i Statens vegvesen i ei pressemelding.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL