Hopp til innhold

Avsluttar søk i Sykkylven

Politiet avslutta laurdag kveld søket etter personar i sjøen ved Vikøyra i Sykkylven. Politiet frykta ei stund at det hadde vore personar om bord i ein båt som hadde kantra.

Vikøyra i Sykkylven

Det var like før klokka 17.00 laurdag at politiet melde om ein kantra båt ved Vikøyra i Sykkylven. Ein mindre båt hadde blitt funne fortøydd ved ei brygge og det var ei stund usikkert om nokon var om bord i båten då den velta.

– På grunn av uvisse knytt til dette valde vi å sende ut dykkarar, seier John Bratland, operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Like før klokka 18.00 avslutta politiet leiteaksjonen.

– Området har blitt kontrollert, og det er ingenting som tydar på at det var personar om bord i båten. Redningsetatane avsluttar no søket.

Dykkarar sett inn i søket

Klokka 17.00 var dykkarar, politi og ambulansepersonell på plass på staden, og dykkarar frå brannvesenet gjennomførte søk i vatnet.

Det vart også leita på land, men like før klokka 18.00 valde politiet å avslutte leiteaksjonen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL