Ei redningsskøyte og politibåten har drege til staden for å assistere båten.
Dei to som var ombord har no kome seg på land på øya Sekken.
Dramatisk
Skipper Bård-Ivar Korsnes Våge fortel at det var dramatisk i den kraftige vinden på fjorden.
– Eg har aldri før opplevd det så ille inne i fjordane. Det var uvanleg ruskete ver i dag, seier Bård-Ivar Korsnes Våge til NRK.
Vatn i styrehuset
Det var kraftig vind og høge bølgjer i området. Båten, ein katamaran som blir brukt i samband med fiskeoppdrett, hamna ned i ein bølgjedal. I det båten traff den neste bølgja, strøymde vatnet inn i styrehuset.
– Vi var ikkje så høge i hatten, og det var nokså dramatisk ei ri. Men vi fekk på oss overlevingsdraktene i ei viss fart, fortel Korsnes Våge.
Pumpene fungerte
Korsnes fortel at lensepumpene fungerte som dei skulle, og dei fekk tilkalla hjelp. Båten fekk også berre mindre skadar.
– Dei klarte å pumpe vatn slik at båten heldt seg flytande. Dei har no kome seg trygt i land på Sekken, opplyser Hovudredningssentralen til Rbnett.
Båten var på veg frå Vågstranda mot Lybergsvika.