NRK Meny
Normal

Båt får ikkje forlate Kristiansund

Sjøfartsdirektoratet held tilbake den russiske båten «Nadir» som ligg ved kai i Kristiansund. Det er klart etter at direktoratet gjennomførte inspeksjon no i ettermiddag.

Den russiske båten nadir

Inspeksjonen av det russiske skipet som har 14 mann om bord, kjem til å halde fram i morgon. Først etter det vil Sjøfartsdirektoratet ha klart den endelege lista over utbetringar som må gjerast før skipet får forlate kaia i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

– Båten har ikkje gyldig klassepapir eller sertifikat, og arbeids- og levevilkåra om bord tilfredsstiller ikkje krava, slår avdelingsdirektør Torbjørn Havnerås i Sjøfartsdirektoratet fast til NRK.

Skipet hadde gyldig sertifikat i Russland, men blei fråteke dette i slutten av april då han kom inn til Kristiansund. Båten hadde hatt brann om bord, og var ikkje lenger i slik stand at han kunne segle vidare.

Fraktebåten skulle etter planen til sjøs igjen om 14 dagar.

Gulvet om bord på den russiske båten Nadir

Tilstanden om bord på båten er langt frå det som skal til, for at båten skal kunne legge ut på havet igjen.

Foto: Roar Halten / NRK

Inspeksjonen held fram

Sjøfartsdirektoratet har no avslutta inspeksjonen for i dag, men kjem til å gå om bord igjen i morgon for å halde fram kontrollen av frakteskipet.

– Vi har enno ikkje klar rapporten over alle dei konkrete feila eller manglane om bord, så dette er førebelse konklusjonar, seier Havnerås.

Skipet kjem til å bli pålagde å utføre forbetringar om bord før det får forlate norsk hamn.

– Etter at pålegga er utførte, kjem vi på nytt til å gå om bord igjen for å kontrollere at alt er utført slik vi krev, seier avdelingsdirektør Torbjørn Havnerås i Sjøfartsdirektoratet.

Sjå TV-saka:

Sjøfartsdirektoratet gir den russiske fraktebåten i Kristiansund forbod mot å gå frå kai.
Sjømannsforbundet varsla om svært dårlege forhold om bord.
No blir båten halden tilbake i påvente av ei lang rekke forbetringar som må til.