Hopp til innhold

To mindreårige er arresterte etter barnehagebrann i Ålesund

To ungdomar er mistenkte for å stå bak brannen i barnehagen Barnas hage i Ålesund. Barnehagen har store skader.

Barnehagen Barnas Hage i Larsgården i Ålesund er totalskadd etter brann. To brannmenn jobbar med ettersløkking.

Barnehagen har fått store skader. Den eldste delen er totalskadd etter brannen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Meldinga om brannen kom like etter klokka 1.30 natt til fredag. Det var naboar som høyrde brannalarmen i barnehagen og som melde frå til brannvesenet.

No har politiet pågripe to personar som dei meiner står bak brannen. Dei to er mindreårige.

– Vi mistenker at brannen er påsett og at dei står bak, seier politiadvokat Mathias Häber. Dei to har vore i avhøyr og barnevernet er kopla inn og tar vidare oppfylging.

Politijurist Mathias Häber

Politiadvokat Mathias Häber seier at dei mistenker at to ungdomar står bak brannen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det var spor på staden som leia politiet til dei to ungdomane. Häber seier at saka er alvorleg og får store konsekvensar for barnehagebarna.

Begge nektar å ha noko med brannen å gjere, seier Axel Lange, som er forsvarar for ein av ungdommane.

– Dei innrømmer at dei har vore på området, men ikkje at dei har noko med brannstiftinga å gjere, seier Lange.

Brann i barnehagen Barnas hage i Ålesund

Flammane sto gjennom taket då brannvesenet kom til staden.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Flammar stod ut av bygget

Flammane sto ut av vestsida på den eldste delen av barnehagen i natt.

– Det var observert opne flammar frå taket på barnehagen. Dermed rykte alle naudetatane ut. Då vi kom fram var det full fyr i barnehagen, seier operasjonsleiar Sindre Molnes i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

Det er mykje hus i nærleiken av barnehagen, men brannvesenet klarte å hindre at brannen spreidde seg.

Det var lite vind i området under brannen, men det har snødd mykje dei siste dagane. Snøen skapte utfordringar for brannvesenet.

– Vi måtte gjere ein heftig innsats under vanskelege forhold. Det var mykje snø som gjorde tilkomsten litt vanskeleg. Men vi klarte å hindre brannen i å spreie seg ytterlegare, seier innsatsleiar i brannvesenet i Ålesund, Gisle Skrede.

Brann i barnehagen Barnas hage Ålesund

Det er særleg den eldste delen av barnehagen som har fått store brannskadar.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Store skader

Portrett av styrar i barnehagen Barnas Hage i Larsgården i Ålesund, Solgerd Hjelle Laugen. 
Ho står ute i snøen med den brannskadde barnehagen i bakgrunnen. Ho er på gråten.

Solgerd Hjelle Laugen seier at dei jobbar iherdig for å finne løysingar for barnehagebarna.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fredag morgon rapporterer politiet om at barnehagen har fått store skadar. Barnehagen består av fleire bygningsdelar og den eldre delen er totalskadd.

Den nyare delen av barnehagen har mest sannsynleg fått vatn- og røykskadar, opplyser politiet.

Litt etter klokka sju fredag morgon melder politiet at brannen er sløkt, at området er sperra av og at det blir oppretta sak hos politiet.

Styret i barnehagen jobbar no med å finne ei løysing for dei 78 barnehagebarna saman med Ålesund kommune.

– Det som har skjedd er forferdeleg, seier Solgerd Hjelle Laugen, som er dagleg leiar.

Også dei rundt 30 tilsette er prega og seier at det er frykteleg trist. I dag skulle det ha vore nissefest i barnehagen.

Tilsette ved barnehagen Barnas hage i Larsgården i Ålesund står og ser på dei omfattande skadene etter brannen.

Det blir no jobba for å finne ei løysing for barnehagebarna etter brannen.

Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL