Hopp til innhold

Barna krev tryggare skuleveg

Under Barnas bystyre i Ålesund i dag, vart dei vanskelege trafikktilhøva i Hatlane tatt opp. Elevane opplever at både bilar og fotgjengarar får grønt i lyskrysset samstundes.

Under Barnas bystyre i Ålesund i dag, vart dei vanskelege trafikktilhøva i Hatlane tatt opp. Elevane opplever at både bilar og fotgjengarar får grønt samstundes.

I dag var det Barnas bystyre i Ålesund og farleg skuleveg var ei av sakene som kom opp.

Malin Flusund Løvlid

Malin Flusund Løvlid vil ha meir fokus på trygg skuleveg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

I dag hadde bystyresalen i Ålesund ein lågare gjennomsnittsalder enn vanleg. Det var Barnas bystyre og representantar frå 13 barneskular i Ålesund kom med saker dei synest det er viktig å få gjort noko med. Trygg skuleveg var ei bekymring borna hadde. Lyskrysset elevane må over for å kome til Hatlane skule er farleg for mjuke trafikantar.

– Eg har sjølv opplevd at det vert grøn mann og at bilane får grønt samstundes, seier Malin Flusund Løvlid.

Ho er ei av dei som gjekk på talarstolen i dag for å legge fram saka si. Problemet er ikkje berre at bilar og fotgjengarar får grønt samstundes. Elevane føler også at dei må vente lenge før det skiftar over til grøn mann, og då er det mange som vel å krysse vegen før.

Skummelt å ta ordet

Barnas bystyre

13 barneskular i Ålesund var representert på Barnas bystyre.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Også Helene Veibust frå Blindheim barneskule hadde saker ho ville ta opp. Ho syntest det var litt skummelt på talarstolen første gongen, men tok ordet fleire gongar seinare.

– Eg synest ein bør seie det ein meiner. Det har kome inn mange bra forslag her, seier Veibust. Ho ser ikkje vekk ifrå at ho kan ende opp som politikar når ho vert stor.

Ordførar tar saka vidare

Ordførar Bjørn Tømmerdal synest det er bra å få inn ungt og friskt blod i bystyresalen, og trur rekrutteringa for framtida er sikra.

Blant sakene som ordføraren tar med som protokoll til det vaksne bystyret er betre skilting og utbetring av lyskryss.

– Statens vegvesen må kome på banen og levere saman med oss, seier Tømmerdal. I fellesskap skal vi ta tak i dette, seier ordføraren.